Hjem > Afghanistan > STANS OKKUPASJONEN AV AFGHANISTAN!

STANS OKKUPASJONEN AV AFGHANISTAN!


Noreg førde ein rettferdig strid mot tysk okkupasjon 1940-45. Motstandsrørsla reiste parolen: Noreg for nordmenn! Orda var retta mot dei tyske okkupantane.

Seinare freista rasistane nytta parolen mot innvandrarar og nye landsmenn. Mange av desse rasistane hadde same ideologiske røter som dei som parolen var retta imot.

I dag fører afghanarar ein rettferdig strid mot NATO-okkupasjonen. Dei har fått nok av Vestens ”demokrati, kvinnefrigjering og marknadsliberalisme”. Dei har gjennomskoda talemåtane og veit at det er oljebaronane og våpenindustrien med NATO-USA (med halehenget Stoltenberg-Noreg) som dikterer på bakromma. No er det rett å seie: Afghanistan for afghanarar!

På same måten som vikingane fór på røvartokt etter gull og rikdom, er norske soldatar på oppdrag for å tryggja ressursane for Vestens rikaste, kapitaleigarane og dei hyklande bladsmørjarane og medienissane deira.

Me vonar afghanarane er sterke nok til å kasta desse leigeknektane på dør. Moskva-revisjonismen braut ryggen i kampane i dei afghanske fjella for meir enn 20 år sidan. Det britiske imperialistane og russiske tsartroppane greidde aldri å temja det frie afghanske fjellfolket. Alle progressive bør stå solidarisk med striden Afghanistan fører for nasjonal sjølvråderett og fridom frå okkupasjon og overherredøme. Vi må støtte dei demokratiske kreftene. Framtida til Afghanistan tilhøyrer ikkje quislingane.

Kategorier:Afghanistan
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: