Arkiv
Om å overleve den vanskelege freden
Av Steinar Eraker
Sjå for deg følgjande bilde: På ein haug av sekkar fylt med sand ligg to stålhjelmar. I bakgrunnen eit roleg landskap med låge åsar og blå himmel. Hjelmane er blå med kvite bokstavar på sidene – UN.
Scena er henta frå Libanon og akkurat dette bildet finnes i mange sine gamle fotoalbum. Både på godt og vondt.
Våren 1978 skulle endre livet for ein del av oss for alltid. Norge hadde blitt spurt om å sende fredsbevarande styrkar til Sør-Libanon. Mandatet gitt av FN sitt tryggingsråd var krystallklart og formidabelt: Overvake israelsk tilbaketrekking frå okkupert libanesisk land. Les mer…
Norge og Syria
Sidan i fjor har Norge vore engasjert i militær opplæring av syriske opprørarar. Dette har så langt vore ukjent for folk flest. No er dette oppdraget forlenga fram til 10. mars 2018. Så kan vi stille spørsmåla: Kor er debatten om norsk utanrikspolitikk? Kor er dei kritiske røystene mot nok eit militært eventyr utafor landets grenser?
Norge har ei stund bidratt med soldatar for opplæring av syriske opprørarar. Ingen ansvarlege politikarar har stilt spørsmålet ved det folkerettslege grunnlaget. Dei har heller ikkje stilt spørsmål ved vårt syn på den syriske regjering, kven vi skal trene opp og kven som skal kontrollere desse. Les mer…
Forbod mot atomvåpen
Ei pressemelding frå Stopp NATO.
Den 28 oktober i år vedtok FNs generalforsamling å innkalle alle verdas land til forhandlingar om eit forbod mot atomvåpen. Desse møta skal starte i mars 2017. Heilt sidan andre verdskrig har den internasjonale opinionen jobba for å hindre produksjon og spreiing av atomvåpen. Ei samla fredsrørsle har jobba mot atomvåpen i alle fora der det er mogeleg. I same periode har stormaktene med USA og NATO i front bygd opp enorme arsenal av desse våpna.
Nei til FN, ja til Nato

Norge inn i Mali likevel…
Så skjedde det som vi ventet på: Norge sender likevel soldater til Mali. Dette står å lese på NRKs nettsider:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.11060342
Vi skal ikke lenger tilbake enn til februar før vi finner regjeringens erklæring om at de IKKE skulle sende soldater til det afrikanske landet:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.10908929
I februar var ett av argumentene imot å sende soldater til Mali at man da trente opp en av partene i en borgerkrig. SVs Snorre Valen sa da at den maliske regjeringen manglet legitimitet. Men nå skal blant annet norske polititjenestemenn drive opplæring i landet. Da hjelper man jo Malis regjering, som man jo har sagt mangler legitimitet.
Men nå er Snorre Valen udelt positiv, for nå er det FN, og ikke EU, som angivelig er ansvarlig for operasjonen…
Og krigsminister Strøm-Erichsens begrunnelse for å sende styrker til Mali er jo den samme gamle: Kamp mot terrorisme…