Arkiv

Posts Tagged ‘Militarisering’

Demonstrasjon mot Trident Juncture i Bergen 27. oktober – pressemelding

25. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Laurdag 27. oktober klokka 15:00 demonstrerer aktivistar frå fleire fredsorganisasjonar mot Trident Juncture og militariseringa av Norden. Demonstrasjonen tar sted på Øvre Vågsallmenningen, og vil omfatte både appellar og kulturelle innslag. Etter markeringa blir det tog rundt Lille Lungegårdsvannet.

I ei utsegn signert av 34 nordiske fredsorganisasjonar står det:
«Hele Norden blir nå rusta opp under Natos ledelse og faren for krig øker. På Natos forsvarsministermøte i november 2017, ble det tatt beslutninger som er en alvorlig trussel mot freden.
[…]
Nordiske fredsforkjempere må stå sammen mot Natos krigsforberedelser. Vi må sammen protestere mot krigsøvelser og opprustning. Det er en opprustning betalt av folks velferd, og som truer befolkningen med atomkrigvanvidd.»

Aksjonskomiteen mot Trident Juncture i Bergen stiller seg bak den nordiske fellesutsegna, og oppfordrar alle fredselskande krefter til å slutte seg til demonstrasjonen. Stopp militariseringa av Norden, stopp Trident Juncture!
Signert:
Aksjonskomiteen mot Trident Juncture.

Aksjonskomiteen består av representantar frå Stopp NATO, Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, Raudt, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom.

Reklamer

Historia om «den iskalde tid» med Russland – og om dette endar med konflikt?

4. september 2018 Legg igjen en kommentar

Denne artikkelen er skrive av aktivist og kunstnar Ivar Jørdre. Artikkelen sto på trykk i Avisa Hordaland 23. juni under tittelen «VM i fotball varmar mange sine hjarta – er varmen til vertslandet like eins?».

Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?

Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det i dette skrivet trekt  fram dei store militærøvingane på begge sider det året.  I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde 2014 haust i nordområda. Og året før det, og åra før det, osb., osb. Slik held Vesten og NATO på. Russland på si side gjennomfører sine øvingar dei også, dei har også sikkerheit i tankane må vite. T.d. hadde dei ei stor øving i mars 2015 der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok føre seg etterkvart heile Russland frå vest til aust. Les mer…

Åpent møte i Bergen 14. mai

Norge følger NATOs minste vink, og til høsten er Norge vertskap for den gigantiske NATO-øvelsen Trident Juncture 2018. Øvelsen vil særlig foregå i Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland og Hedmark. Mindre deler av øvelsen vil finne sted i Sverige og Finland, og dessuten i Østersjøen.

Stopp NATO inviterer til åpent møte mandag 14. mai om NATO, militarisering og krigsmotstand. Møtet varer fra kl. 16:30 til 20:00 og holdes i Auditoriet på Bergen offentlige bibliotek, Strømgaten 6.

Det vil bli holdt innledninger om den ustoppelige krigføringen, erfaringer fra antikrigsarbeid m.m.
Dessuten vil vi mobilisere til protester mot den kommende Trident Juncture-øvelsen.

Vel møtt!

Link til arrangementet på Facebook finner du her.

Mer info kommer etter hvert.

Kontaktpersoner:
Henrik Hjelle: 480 41 346
Ståle Olsen: 412 59 555

Sett folk først, nei til krig!

Et opprop fra det internasjonale nettverket No to war – no to NATO, i anledning NATO-toppmøtet i Brussel 24.-25. mai i år

stopnato2017.org-logo-300x278Årets NATO-møte blir det første for USAs president Donald Trump. Det skal holdes i mai i NATOs splitter nye hovedkvarter i Brussel, der både NATO og EU holder til. Dette er to institusjoner som samarbeider tett i militære spørsmål.

NATO med sine medlemsstater deltar i ulovlige kriger og militære intervensjoner, fra Jugoslavia til Afghanistan, Libya, Irak, Syria, Middelhavet og Det indiske hav. De bidrar stort til internasjonal ustabilitet, i det de gir næring til våpenkappløpet og militariseringen. NATO klamrer seg fortsatt til menneskehetens største trussel: atomvåpen. Les mer…

Eskalering av militærøvingar

5. juni 2015 1 kommentar

Vi har fått inn et innlegg fra Iver Johnson:
Frå 25 mai til 5 juni pågår militærøvinga “Arctic Challenge Exercise 2015” over norsk, svensk og finsk territorium på Nordkalotten. Omlag 100 militære fly av ulike kategoriar og 3600 soldatar frå i alt 9 land er med på øvinga.
Dette er reint formelt ikkje ei NATO-øving (!), mest avdi Sverike, Finland og faktisk Sveits tek del i ho. Men det er Noreg som har ansvaret for øvinga, og andre ikkje heilt ukjende NATO-land som USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Nederland deltek med fly og mannskap. Og den formelle statusen til øvinga til trass so vart ho likefullt beæra med vitjing frå NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg……. Les mer…

Kategorier:NATO, Russland Stikkord: , ,

Krigsforbryter Stoltenberg stikker innom

Generalsekretær og krigforbryter Jens Stoltenberg blir tatt hjertelig imot av samtlige stortingspartier når han kommer på tiggerferd og krever nye milliarder til krig og opprustning.

Argumentet denne gangen er at Russland har tredobla sine militærbudsjetter de siste åra. Men det blir aldri nevnt at NATO bruker ti ganger så store beløp på opprustning som Russland, som det blir påpekt i denne artikkelen.

Plutselig finnes det nok av penger å avsette på framtidige statsbudsjett, bare de ikke blir sløst bort på velferd og skoler og sånt. Den fullstendige harmoni som alltid oppstår mellom H, Ap, FrP osv. så snart det er snakk om NATO og USA, er nesten rørende.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg besøkte Stortinget 5. juni 2015

Foto: CC-BY  Stortinget/Sverre Christian Jarild.

Og samme dag som Jens kommer på besøk, forsikrer Ap-leder Jonas Gahr Støre overfor Aftenposten at Arbeiderpartiet slett ikke vil trosse USA og hjelpe Snowden til Norge slik at han kan ta imot Bjørnson-prisen.

Norsk opprusting av Island

11. november 2014 Legg igjen en kommentar

Vi har fått et nytt innlegg fra Kris Trondsen:

Det førte til politisk storm og vekte stor merksemd på Island når det i førre månaden vart kjent at Noreg på hausten 2013 hadde forsynt landet med 250 maskinpistolar.

Folket på Island er uvande med og har stor skepsis til væpne offentlege tenestemenn, og det har då og vore eit veldig uvanleg fenomen der.

Det vart skipa til ein demonstrasjon med eit par hundre deltakarar utanfor den islandske nasjonalforsamlinga Alltinget, og det vart oppretta eit Facebook-gruppe mot våpenleveransen som fekk 1000 fylgjarar. Og dette er betydelege tal i ein nasjon som består av 323 000 innbyggjarar.

Protestane var so kraftige og reaksjonen til folk var sovidt negativ at det nokre dagar var tale om ei regjeringskrise i landet. Betre vart ikkje dette då islandske regjeringsmedlem og politikarar sa at dei ikkje kjende til våpenleveringa frå Noreg i det heile. Island har ikkje eit ordinært militært forsvar, utanom landet si kystvakt. Den islandske kystvakta, som var mottakarar av våpenlasta frå Noreg, gjekk då ut og sa at dette var ei gåve frå det norske forsvaret. Dette kjende tydelegvis ikkje alle relevante delar av norske styresmakter som Utanriksdepartementet og Riksrevisjonen til, og Forsvaret så då at dette var eit ordinært våpensal. 250 maskinpistolar av typen Heckler & Kock MP5 skulle seljast til Island for 2500,- pr stk., men rekning var enno ikkje sendt frå Forsvaret grunna den økonomiske stoda på Island.

Det vart vidare kjent at den islandske kystvakta, som har 200 tilsette og er oppsatt med tre væpna oppsynsskip, tre helikopter og eit patruljefly, hadde levert 150 av desse maskinpistolane til det islandske politiet.

Det islandske politiet er ikkje væpna, med eit unnatak, den islandske beredskapstroppen Vikingasveitin. Denne spesialeininga er meire av ein militærstyrke enn av eit politi, og har kompetanse innan ymse antiterrortiltak og militære disiplinar som t d desarmering av bomber, bording av fly og skip,nærkamp,  etterretningsverksemd og livvaktteneste. Vikingasveitin er delt inn i fem lag, og har militær struktur og utdanning. Avdelinga vart oppretta i 1982, og vart trent opp av norske militære spesialstyrkar, Forsvarets Spesialkommando (FSK). Vikingasveitin har og seinare trent i lag med FSK, og med dei britiske spesialstyrkane i Special Air Service (SAS)

So vart det kjent av Noreg og hadde sendt maskinpistolar av same type tidlegare. 50 maskinpistolar vart og sendt til I land i 2011, og desse hadde det då heller ikkje vorte sendt rekning for. Samstundes hadde Noreg levert 10 middels tunge maskingevær av type MG3 til Island, som visstnok skulle nyttast til forsvar av Keflavik lufthamn.

Noreg og Island har eit formelt forsvarssamarbeid gjennom Nato, og islandske statsborgarar kan etter søknad avtena verneplikt i Det norske forsvaret. Eit mindre antal islendingar har då og visstnok gjennomført dette. So Noreg tek sitt NATO-medlemskap på alvor…..

Kategorier:Militarisering, NATO Stikkord: , , ,