Løpeseddel for demonstrasjonen i Oslo

8. oktober 2018 1 kommentar

Løpeseddelen for demonstrasjonen i Oslo 27. oktober kan lastes ned her.

Reklamer

Plakat for demonstrasjonen i Bergen

6. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Plakaten for demonstrasjonen mot Trident Juncture i Bergen 27. oktober kan lastes ned her.

NATO-øvinga Trident Juncture og miljøet

6. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

I desse dagar er politiske parti, fredsorganisasjonar og enkeltpersonar i full sving med å rette søkelyset mot den kommande NATO-øvinga Trident Juncture (TRJ18). Den skal  finne stad i perioden frå 15. oktober til 7. november og vil omfatte store delar av Norden med hovudvekt på Norge. Totalt 40000 soldatar frå alle NATO-land og nære allierte skal delta.

Det er motstand mot denne øvinga.  Folk er med rette redd for at den, i kraft av sin storleik, vil auke spenninga i våre område og føre til auka opprusting.

Det er mange innafor fredsrørsla som er opptekne av miljøaspektet ved denne form for militær aktivitet.

Vår meining er at TRJ18 vil føre til omfattande skadar på jorder, skog og utmark og ikkje minst utslepp til jord, luft og vatn. Fredsrørsla er redd for at miljøspørsmålet blir gløymt opp i all snakk om logistikkproblem. Les mer…

Militærøvingar lagar ikkje fred

19. september 2018 Legg igjen en kommentar

Av Ivar Jørdre, Aksjonskomitéen mot Trident Juncture i Bergen

NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Out of area-strategien (nyare NATO-doktrine om å operera utanfor medlemsstatane sitt geografiske område) kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av t.d. Noreg å gjere. Men det er denne typen virksomheit som no er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-NATO» si rolle. Les mer…

«VIKTIG MELDING, LYTT PÅ RADIO»

14. september 2018 1 kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Dette var ei velkjent beskjed som blei sendt ut over Sivilforsvaret sitt tyfon-anlegg i heile etterkrigstida. Tre signalseriar som skulle varsle at fiendtleg angrep var på veg og at man skulle lytte på radio for nærare orientering.
No er dette ikkje så opplagt lenger.  Aftenposten har ein artikkel om denne saka den 12 juni 2018 med tittelen «Norge og NATO i krig». Les mer…

Løpeseddel for Bergen

7. september 2018 Legg igjen en kommentar

Mobiliseringsløpeseddelen for protestmarkeringen i Bergen mot Trident Juncture 27. oktober kan lastes ned her.
Skriv ut på A4-ark, først på den ene siden, så på den andre. Klipp arket på midten.

Historia om «den iskalde tid» med Russland – og om dette endar med konflikt?

4. september 2018 Legg igjen en kommentar

Denne artikkelen er skrive av aktivist og kunstnar Ivar Jørdre. Artikkelen sto på trykk i Avisa Hordaland 23. juni under tittelen «VM i fotball varmar mange sine hjarta – er varmen til vertslandet like eins?».

Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?

Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det i dette skrivet trekt  fram dei store militærøvingane på begge sider det året.  I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde 2014 haust i nordområda. Og året før det, og åra før det, osb., osb. Slik held Vesten og NATO på. Russland på si side gjennomfører sine øvingar dei også, dei har også sikkerheit i tankane må vite. T.d. hadde dei ei stor øving i mars 2015 der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok føre seg etterkvart heile Russland frå vest til aust. Les mer…