Arkiv

Posts Tagged ‘Norge’

Plakat til nedlasting

Plakaten som ble brukt på 1. mai – «Stopp NATOs kommende krigsøvelse i Norge» – kan lastes ned her. Skriv ut som plakat, løpeseddel eller noe annet. Spre ordet!

Løpeseddel om Norge og NATO

5. desember 2017 Legg igjen en kommentar

Stopp NATO har laget en ny løpeseddel om Norge og NATOs atomstrategi. Den kan lastes ned her.
Løpeseddelen bør skrives ut i fullformat. Skriv ut på den ene siden, snu arket og skriv ut på andre siden.

Gratulerer med fredsprisen!

7. oktober 2017 Legg igjen en kommentar

Fredag 6. oktober blei Nobels fredspris 2017 tildelt International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN).
ICAN blei etablert i 2007 med den hensikt å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Og eit langt skritt blei tatt då 122 statar underteikna ein avtale om forbod i FN den 7. juli i år.  Dersom 50 nasjonar ratifiserer denne avtalen blir den internasjonal rett.
Millionar av menneske og 500 grasrotorganisasjonar i over 100 land har dei siste ti åra jobba aktivt for at ICAN sitt mål skal lukkast og at alle verdas land skal underteikne ein avtale. For dette arbeidet er fredsprisen enormt viktig og ein inspirator til å jobbe vidare for ei verd utan atomvåpen.
«Stopp NATO» vil gratulere og samstundes yte vår del for at målet skal bli nådd. Akkurat nå er denne prisen viktig fordi faren for ein atomkrig er større enn nokon gong. Eit forbod kan stigmatisere atomvåpen og vere ei viktig motvekt til den opprustninga vi ser over heile verda. Les mer…

Norge og Syria

Sidan i fjor har Norge vore engasjert i militær opplæring av syriske opprørarar. Dette har så langt vore ukjent for folk flest. No er dette oppdraget forlenga fram til 10. mars 2018. Så kan vi stille spørsmåla: Kor er debatten om norsk utanrikspolitikk? Kor er dei kritiske røystene mot nok eit militært eventyr utafor landets grenser?
Norge har ei stund bidratt med soldatar for opplæring av syriske opprørarar. Ingen ansvarlege politikarar har stilt spørsmålet ved det folkerettslege grunnlaget. Dei har heller ikkje stilt spørsmål ved vårt syn på den syriske regjering, kven vi skal trene opp og kven som skal kontrollere desse. Les mer…

Forbod mot atomvåpen

31. oktober 2016 Legg igjen en kommentar

Ei pressemelding frå Stopp NATO.

Den 28 oktober i år vedtok FNs generalforsamling å innkalle alle verdas land til forhandlingar om eit forbod mot atomvåpen. Desse møta skal starte i mars 2017. Heilt sidan andre verdskrig har den internasjonale opinionen jobba for å hindre produksjon og spreiing av atomvåpen. Ei samla fredsrørsle har jobba mot atomvåpen i alle fora der det er mogeleg. I same periode har stormaktene med USA og NATO i front bygd opp enorme arsenal av desse våpna.

Les mer…

Kategorier:Atomvåpen, NATO Stikkord: , , ,

Krigarstaten Norge

25. oktober 2016 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, landsstyremedlem og aktivist i Stopp NATO

Det fredsæle Norge er historie. Når det offisielle Norge framstiller oss som fredsnasjon i festtaler på nasjonaldagen eller i møte med delegasjonar frå utlandet, veit vi at det ikkje stemmer med den verkelege verda.
Men det er lenge sidan Norge var leiande i fredsarbeid og endå lenger sidan Trygve Lie var generalsekretær i FN. Den jobben fekk han fordi Norge var ein aktiv fredsnasjon og vi blei respektert for det. Den merkelappen bar vi til langt ut på 1990-talet, då vi jobba aktivt for ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane.
I dag er Jens Stoltenberg generalsekretær i verdas mest aggressive militærallianse, NATO. Les mer…

5 ting ikkje alle veit om krigsnasjonen Noreg

Av Ivar Jørdre

I høve 8. mai-markeringa i Bergen (som vil ta Frigjeringsdagen attende)er det truleg på sin plass å minne alle om kva Noreg driv på med i den verkelege verda, under sitt (ikkje lenger så vellukka) skalkeskjul som «fredsnasjon». I eit land der styresmaktene prøver å kapre Frigjeringsdagen og gjera han om til ein «veterandag», der ein skal heidre absolutt alle som har delteke i krigføring for Noreg, kjem Frigjeringsdagen 8. mai 1945 i skuggen. Dette er skammeleg! Nyare tids imperialistiske krigar der norske soldatar har delteke skal altså sidestillast med dei som frigjorde Noreg frå nazismen og fascismen. Les mer…

8. mai-markering i Bergen

8. mai har i alle år vært en dag hvor vi har feiret Norges frigjøring fra nazistisk okkupasjon. Det har vært en fredsdag.
De siste årene har norske myndigheter kapret Frigjøringsdagen og gjort den om til en «veterandag», hvor man hyller alle som har deltatt i krigføring for Norge. Les mer…

NATO – kapitalismen sin våpenbror!

13. oktober 2015 Legg igjen en kommentar

Et innlegg av skribent og kunstner Ivar Jørdre
ivarjordre.wordpress.com

NATO-sjef Jens Stoltenberg oppfordrar Noreg om å auke forsvarsbudsjettet til 2 % av BNP. Typisk nok er kapitalismen sin forsvarar NATO ein påtrengande lobbyist når det gjeld aukande rammer for krigsinnsatsen sin. Ikkje berre ovanfor Noreg, men alle andre NATO-land også.

Dagens budsjett på ca. 44 milliardar kroner, ca. 1,4 % av BNP, kan heller ikkje kallast eit forsvarsbudsjett då omlag ein fjerdedel av det går til krigsfremjande tiltak. Skreller me av bevilgningane knyta til krigsflyprosjektet Joint Strike Fighter F-35, bevilgningane til framleis innsats i operasjonane til NATO i Afghanistan og no på nytt i Irak, og til NATOs opprustning i Aust Europa, kan dagens budsjett knappast ned til minst 1 % av BNP.

Noreg skal ha eit nasjonalt folkeforsvar som tenar forsvaret av vår nasjonale suverenitet, ikkje noko som trekker Noreg med i intervensjonar i andre land slik me har sett dei siste tiåra. MEN det skal vera ute av NATO! Les mer…

Norge inn i Irak

24. februar 2015 Legg igjen en kommentar

Snart vil norske styrker sendes til Irak og Kurdistan for å «hjelpe til» i kampen mot IS, som NATO og USA har vært med på å skape. Visstnok skal ikke de norske soldatene delta i kamphandlinger, bare drive opptrening av kurdiske styrker. Så får vi se hvor lenge det varer…

Les mer på vg.no:
http://goo.gl/nSvvaS