Arkiv

Posts Tagged ‘Nobels Fredspris’

Gratulerer med fredsprisen!

7. oktober 2017 Legg igjen en kommentar

Fredag 6. oktober blei Nobels fredspris 2017 tildelt International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN).
ICAN blei etablert i 2007 med den hensikt å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Og eit langt skritt blei tatt då 122 statar underteikna ein avtale om forbod i FN den 7. juli i år.  Dersom 50 nasjonar ratifiserer denne avtalen blir den internasjonal rett.
Millionar av menneske og 500 grasrotorganisasjonar i over 100 land har dei siste ti åra jobba aktivt for at ICAN sitt mål skal lukkast og at alle verdas land skal underteikne ein avtale. For dette arbeidet er fredsprisen enormt viktig og ein inspirator til å jobbe vidare for ei verd utan atomvåpen.
«Stopp NATO» vil gratulere og samstundes yte vår del for at målet skal bli nådd. Akkurat nå er denne prisen viktig fordi faren for ein atomkrig er større enn nokon gong. Eit forbod kan stigmatisere atomvåpen og vere ei viktig motvekt til den opprustninga vi ser over heile verda. Les mer…

Advertisements