Meire norsk krigføring
Vi har fått inn et innlegg av Kris Trondsen som vi her legger ut: Regjeringa går att ein gong inn for å senda soldatar på utanlandsoppdrag. No faktisk til to krigar på ein gong. Først er det tale om inntil 110 norske soldatar til den NATO-leia militære intervensjonen iIrak og Syria,med offisielt påskot å føra krig mot "Den islamske staten."(IS) NATO planlegg å ha 12000 soldatar i Irak som "rådgjevarar" og "spesialistar" i den militære kampen mot IS. Og dinest inntil 75 norske soldatar til ein NY NATO-leia militæroperasjon i Afghanistan frå og med årsskiftet. På dette tidspunktet skulle alle norske styrkar ha vorte trekte ut or Afghanistan, men så var det ein ny runde med krig. I båe krigane er det vel Forsvarets Spesialkommando (FSK) og Marinejegarkommandoen (MJK) som skal ut på nye "eventyr". All erfaring tilseier at utanlandske troppar i Irak og Afghanistan gjer ein allereie vond situasjon mykje verre, og vil føra til auka oppslutning for IS og desslike. Norske kular vil ta livet av fleire afghanarar og irakarar, og fleire norske soldatar vil koma att i likposer. Vensam helsing, Kris Trondsen.
Kategorier:Afghanistan, Irak, Krig mot terror, NATO
afghanistan, Irak, IS, NATO
Kommentarer (0)
Trackbacks (0)
Legg igjen en kommentar
Tilbakesporing