Norsk opprusting av Island
Vi har fått et nytt innlegg fra Kris Trondsen:
Det førte til politisk storm og vekte stor merksemd på Island når det i førre månaden vart kjent at Noreg på hausten 2013 hadde forsynt landet med 250 maskinpistolar.
Folket på Island er uvande med og har stor skepsis til væpne offentlege tenestemenn, og det har då og vore eit veldig uvanleg fenomen der.
Det vart skipa til ein demonstrasjon med eit par hundre deltakarar utanfor den islandske nasjonalforsamlinga Alltinget, og det vart oppretta eit Facebook-gruppe mot våpenleveransen som fekk 1000 fylgjarar. Og dette er betydelege tal i ein nasjon som består av 323 000 innbyggjarar.
Protestane var so kraftige og reaksjonen til folk var sovidt negativ at det nokre dagar var tale om ei regjeringskrise i landet. Betre vart ikkje dette då islandske regjeringsmedlem og politikarar sa at dei ikkje kjende til våpenleveringa frå Noreg i det heile. Island har ikkje eit ordinært militært forsvar, utanom landet si kystvakt. Den islandske kystvakta, som var mottakarar av våpenlasta frå Noreg, gjekk då ut og sa at dette var ei gåve frå det norske forsvaret. Dette kjende tydelegvis ikkje alle relevante delar av norske styresmakter som Utanriksdepartementet og Riksrevisjonen til, og Forsvaret så då at dette var eit ordinært våpensal. 250 maskinpistolar av typen Heckler & Kock MP5 skulle seljast til Island for 2500,- pr stk., men rekning var enno ikkje sendt frå Forsvaret grunna den økonomiske stoda på Island.
Det vart vidare kjent at den islandske kystvakta, som har 200 tilsette og er oppsatt med tre væpna oppsynsskip, tre helikopter og eit patruljefly, hadde levert 150 av desse maskinpistolane til det islandske politiet.
Det islandske politiet er ikkje væpna, med eit unnatak, den islandske beredskapstroppen Vikingasveitin. Denne spesialeininga er meire av ein militærstyrke enn av eit politi, og har kompetanse innan ymse antiterrortiltak og militære disiplinar som t d desarmering av bomber, bording av fly og skip,nærkamp, etterretningsverksemd og livvaktteneste. Vikingasveitin er delt inn i fem lag, og har militær struktur og utdanning. Avdelinga vart oppretta i 1982, og vart trent opp av norske militære spesialstyrkar, Forsvarets Spesialkommando (FSK). Vikingasveitin har og seinare trent i lag med FSK, og med dei britiske spesialstyrkane i Special Air Service (SAS)
So vart det kjent av Noreg og hadde sendt maskinpistolar av same type tidlegare. 50 maskinpistolar vart og sendt til I land i 2011, og desse hadde det då heller ikkje vorte sendt rekning for. Samstundes hadde Noreg levert 10 middels tunge maskingevær av type MG3 til Island, som visstnok skulle nyttast til forsvar av Keflavik lufthamn.
Noreg og Island har eit formelt forsvarssamarbeid gjennom Nato, og islandske statsborgarar kan etter søknad avtena verneplikt i Det norske forsvaret. Eit mindre antal islendingar har då og visstnok gjennomført dette. So Noreg tek sitt NATO-medlemskap på alvor…..