Hjem > Antikrig > Om å overleve den vanskelege freden

Om å overleve den vanskelege freden


Av Steinar Eraker

Sjå for deg følgjande bilde: På ein haug av sekkar fylt med sand ligg to stålhjelmar. I bakgrunnen eit roleg landskap med låge åsar og blå himmel. Hjelmane er blå med kvite bokstavar på sidene – UN.
Scena er henta frå Libanon og akkurat dette bildet finnes i mange sine gamle fotoalbum. Både på godt og vondt.

Våren 1978 skulle endre livet for ein del av oss for alltid.  Norge hadde blitt spurt om å sende fredsbevarande styrkar til  Sør-Libanon. Mandatet gitt av FN sitt tryggingsråd var krystallklart og formidabelt: Overvake israelsk tilbaketrekking frå okkupert libanesisk land.

Men visste vi kva vi gjekk til? Å bli sendt ut i fredsbevarande oppdrag er sjølvsagt eit edelt oppdrag. Det var berre ei stor hake ved det: Libanon var eit land i krig. Det var  ingen fred å bevare.
Ingen fortalte det. Krig  er eit tabuord når nordmenn skal ut i verda med våpen i hand.
Og det blei heller ikkje enklare då dåverande forsvarsminister stod fram og forsikra om at «mandatet er slik innrettet at dersom dere blir beskutt eller angrepet blir dere trukket ut og hentet hjem umiddelbart».
Løgn, ull og tåketale er som kjent ein viktig del av norsk forsvarspolitikk. Vi brukar ikkje ordet «krig» når man skal idyllisere eit oppdrag.

Det var difor fullstendig uførebudde norske ungdomar som blei stua saman på Forsvaret sin transport i mars 1978.

Å hamne i krig når ein skal vakte freden er som å få ei slegge i ansiktet.
Mange takla det bra, andre fekk skadar på sjel og sinn.
Forsvaret såg ein annan veg.  Politikarane  som hadde sendt dei ut var plutseleg meir opptekne av veier, distrikt, kroner og øre. Og helsevesenet viste fram si kranglevorne  side.
Jubeldagane då folk reiste ut var borte då dei kom heim. Og nokre kom heim i sjaber forfatning, mette på brutale inntrykk og lei av å vere makteslause tilskodarar til  brutalitet og overgrep.
Dei blei ikkje forstått. Det fredeleg Norge blei verre å takle enn krigen i Libanon hadde vore.

Når vi nå skal feire 8. mai burde vi spørje oss sjølv. Burde ikkje denne dagen vere ei markering over ein nasjon som svikta? Som svikta dei som har blitt sendt ut i krig på falske prinsipp og som har problem å takle den freden dei kjem tilbake til.

Då må vi gjere meir enn å lire av oss fagre ord om demokrati og nasjonsbygging. Det er heller ikkje nok å dele ut medaljar for «edel dåd» til enkelt utvalde. Dei som reiste satsa ein høg pris og mange  den aller høgaste. Sitt Liv.
Men så lenge vi ikkje maktar å ta inn over oss at denne typen teneste set spor, så vil uretten og dei stengte dørene halde fram når konfettien har lagt seg.

La oss difor avvikle 8. mai som veterandag. Vi må hugse på at det er mange veteranar som føler seg svikta av samfunnet og som føler at denne dagen er ekstra tung. Desse blir ikkje nemnt på paradane og dei fine mimreforsamlingane rundt omkring.
8. mai er og skal vere frigjeringsdag frå nazismen og ikkje ein dag der man hyller forsvarsmakta sine utanlands operasjonar. Skamfullt er det.

Krig er uakseptabelt også om den er i NATO-regi.

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..