Hjem > Afghanistan > Føretaksstraff for Forsvarsdepartementet

Føretaksstraff for Forsvarsdepartementet


Følgende tekst er tilsendt oss med ønske om å få den lagt ut i bloggen:

Forsvarsdepartementet ( FD ) har fått eit forelegg på 10 mill kr frå Statsadvokaten i Nordland i sokalla føretaksstraff for eit aktlaust drap som skjedde i Afghanistan i 2011. Etter at forelegget er forkynt har FD ein månad på seg til å vurdera om departementet vil godta forelegget eller om saka skal gå til domstolane.

Det var i mai 2011 at ein norsk soldat tok ladegrep på ein granatkastar montert på eit pansra personellkjørety inne på eit militært norsk leirområde i Afghanistan, med det resultat at ein granat gjekk av inne i leiren.Splintar frå granaten drap ein sivilt tilsett afghansk røyrleggar og såra ein annan som var på arbeid inne i leiren. Statsadvokaten som saka vart overført til i Noreg kom til at soldaten som avfyra granaten inne i leirområdet ikkje var å lasta for hendinga etter norsk lov, og saka mot han vart henlagt då «intet straffbart forhold bevist», men at verksemda som hadde soldaten tilsett, Forsvarsdepartementet, var ansvarleg.

Sjølv om storleiken på forelegget i pengar er betydeleg, so vert aktlause drap korkje i Afghanistan eller Noreg til vanleg som kjent ikkje avgjort ved forelegg, men ved langt strengare straffereaksjonar.

 

Mathias Østby

Advertisements
  1. dagbjorn
    5. februar 2013, kl. 21:34

    Du har heilt rett, Mathias. Drap vert ikkje straffa med bøter til vanlege, men dette har hendt tidlegare i andre land der norske soldatar tar seg til rette. Husker at en kulturminister med familie blei drepne då to norske offiserar kjørde mot kjøreretningen på motorvegen under krigen på Balkan. Gjett om offiseran blei straffa?

  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: