5 ting ikkje alle veit om krigsnasjonen Noreg
Av Ivar Jørdre
I høve 8. mai-markeringa i Bergen (som vil ta Frigjeringsdagen attende)er det truleg på sin plass å minne alle om kva Noreg driv på med i den verkelege verda, under sitt (ikkje lenger så vellukka) skalkeskjul som «fredsnasjon». I eit land der styresmaktene prøver å kapre Frigjeringsdagen og gjera han om til ein «veterandag», der ein skal heidre absolutt alle som har delteke i krigføring for Noreg, kjem Frigjeringsdagen 8. mai 1945 i skuggen. Dette er skammeleg! Nyare tids imperialistiske krigar der norske soldatar har delteke skal altså sidestillast med dei som frigjorde Noreg frå nazismen og fascismen.
Denne forvrenginga av dagen godtek me ikkje, og nedanfor er det i alle fall fem grunnar til ikkje å heidre Noreg som fredsnasjon, og å bruke 8. mai til protest mot krigsnasjonen Noreg:
Visste du at Noreg er blant landa i verda som oftast deltar i krig?
Sidan 1990 har Noreg delteke i krig åtte gonger. Berre Storbritannia og Frankrike har delteke i fleire krigar. Andreplassen deler me med USA. Høgdepunktet for norsk krigføring var bombinga av Libya, kor Noreg var eit av landa som bomba mest. Noreg gjekk også i front ved å ta på seg oppdrag andre land ikkje ville ha, fordi dei var politisk sensitive, med stor fare for sivile tap. Noreg var dermed ei kraft for å utvide bombinga, snarare enn ei kraft for fred.
Visste du at Stortinget har vedteke å bruke 254 milliardar på kjøp og vedlikehald av nye jagarfly?
Stortinget har vedteke å kjøpe 52 jagarfly av typen F-35 frå USA. Kjøp og vedlikehald fram til 2054 vil koste over 254 milliardar kroner (i dagens valuta). Det er 25 gonger meir enn dei 10 milliardane Noreg skal bidra med til syriske flyktningar dei neste fire åra. Med den norske deltakinga i bombinga av Libya, er det rimeleg å tru at desse flya vil føre til fleire flyktningar i åra framover. Forsvars- og krigsminister Ine Marie Eriksen Søreide seier at kjøpet av flya vil forplikte Noreg til deltaking i internasjonale operasjonar i framtida.
Visste du at Noreg er ein av verdas største våpeneksportørar?
I 2015 eksporterte Noreg våpen for 2,4 milliardar kroner. Spesielt bomber, granatar og ammunisjon aukar kraftig. Til dømes «vår» NATO-allierte Tyrkia kjøpte våpen for 166 millionar kroner i 2015. Regimet i Tyrkia fører ein brutal krig mot kurdarane, vert eit stadig meir autoritert land, og Noreg har ingen kontroll over kor mange uskuldige som vert drepne med norske våpen eller ammunisjon. At Tyrkia er på veg til å verte eit diktatur har ikkje lagt noko som helst dempar på norsk eksport.
Visste du at Noreg brukar meir pengar på militæret per innbyggar enn noko anna NATO-land i Europa?
Etter USA er Noreg landet i NATO som brukar mest pengar per innbyggar på militæret. Likevel gjer kjøpet av kampflya F-35 at resten av forsvaret byggas ned. Noregs evne til å forsvare seg sjølv vert dårligare, foleforsvaret vert borte. På kostnad av auka evne til å delta i bombing når USA ber oss om det i utlandet. I imperialismens teneste!
Visste du at det er fleire NATO-motstandarar enn FrP-veljarar i Noreg?
I ei undersøking utført av TNS Gallup i 2015 svarte 15 prosent av dei spurde at dei meinar medlemsskapet i NATO gjer Noreg meir utsett for åtak. Det er det høgaste talet sidan målingane starta i 2003. Ved lokalvalet i 2015 fekk FrP 9,5 prosent av stemmene.
OPPSUMERT:
• Kampflya gjer oss ikkje betre til å forsvara oss, bere betre til å angripe andre. Mykje utryggare er det å vera med i Nato også, med potensielle konfliktar med andre og terroråtak som resultat. Difor: stogg flykjøpet heilt og bruk pengane på å styrke m.a. velferdsstaten, fossilfri framtid og ta imot fleire flyktningar.
• At Noreg skal sei nei neste gong USA ber Noreg delta i den såkalla krigen mot terror. Bombing frå stor høgde vil aldri føre til fred, demokrati eller hindre terror.
• At Noreg sluttar å eksportera våpen til undertrykkande regimer. Krev at Noreg ikkje produserar våpen i det heile teke..
• Meld Noreg ut av NATO, ei gong for alle!
Ivar Jørdre