Krigarstaten Norge


Av Steinar Eraker, landsstyremedlem og aktivist i Stopp NATO

Det fredsæle Norge er historie. Når det offisielle Norge framstiller oss som fredsnasjon i festtaler på nasjonaldagen eller i møte med delegasjonar frå utlandet, veit vi at det ikkje stemmer med den verkelege verda.
Men det er lenge sidan Norge var leiande i fredsarbeid og endå lenger sidan Trygve Lie var generalsekretær i FN. Den jobben fekk han fordi Norge var ein aktiv fredsnasjon og vi blei respektert for det. Den merkelappen bar vi til langt ut på 1990-talet, då vi jobba aktivt for ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane.
I dag er Jens Stoltenberg generalsekretær i verdas mest aggressive militærallianse, NATO.
Norge tener og store pengar på sal av våpen som blir brukt med dødeleg utgang i krigar og konfliktar verda over.
Sett i forhold til folketalet er Norge ein av verdas største våpenprodusentar. Og våpensalet aukar.
Vi framstår meir og meir som ein krigers nasjon. Dei siste tjue åra har vi delteke i krigseventyr verda over. Vi kan nemne land som Jugoslavia, Afghanistan, Libya og no Syria, der vi sender soldatar for å lære opp syriske opprørsgrupper.
Alle desse oppdraga kjem som resultat av vår NATO-medlemskap. Og mandatet er som oftast gitt av USA og ikkje forankra i FN-vedtak.
Og ukritisk har vi støtta opp om USA si line. Men ser vi kritisk på alle desse krigseventyra, så har knapt nokon vore så mislukka som NATOs såkalla «out of area»-oppdrag. Hverken oppdraget i Afghanistan, Irak, Libya eller Syria har ført til fred eller demokrati.
Det einaste synlege er at desse krigane har skapt ei stor flyktningekatastrofe, der tusenvis prøver å ta seg til Europa.
24. oktober uttalte den amerikanske generalen, David Goldstein, til nettstaden Military.com: «Vi har vært igang i 15 år og fortsetter sannsynligvis i 15-20 år til».
Det han snakkar om er USA og NATO sin strategi for å legge det eine landet etter det andre i kaos og ruin.
Dette er tydelegvis ikkje noko problem for USA som vil fortsette sin strategi. Med andre ord meir av det som ikkje fungerer. Festtalene om fred og støtte til lokalbefolkninga har ingen forankring i den verkelege verda.
Og Norge har alle desse åra vore ein lydig partnar til NATO sine krigseventyr. Det er ingen grunn til å tru at Norge ikkje vil fortsette som vedheng til amerikansk utanrikspolitikk og den såkalla krigen mot terror.
At NATO er ein fredselskande allianse er sjølvsagt ein beroligande tanke, men det er samstundes eit livsfarleg sjølvbedrag.

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: