Forbod mot atomvåpen
Ei pressemelding frå Stopp NATO.
Den 28 oktober i år vedtok FNs generalforsamling å innkalle alle verdas land til forhandlingar om eit forbod mot atomvåpen. Desse møta skal starte i mars 2017. Heilt sidan andre verdskrig har den internasjonale opinionen jobba for å hindre produksjon og spreiing av atomvåpen. Ei samla fredsrørsle har jobba mot atomvåpen i alle fora der det er mogeleg. I same periode har stormaktene med USA og NATO i front bygd opp enorme arsenal av desse våpna.
Vi kan slå fast at vedtaket i FN er historisk og legg eit stort press på atommaktene. 123 statar stemte for resolusjon L 41. Noreg stemte nei, Sverige stemte ja og Nederland braut med NATO-alliansen og stemte blankt. Noreg stiller seg altså negativ til ein prosess for å forby atomvåpen saman med atommaktene USA, Storbritannia, Russland og Israel. Dette er i strid med Stortingets intensjon som går inn for forbod utan at dei gav regjeringa instruks om å opptre på ein spesiell måte.
Sjølv om Noreg ikkje har atomvåpen, så er vi med i NATO som i dag er innehavar av det største våpenarsenalet. Det utgjer eit trugsmål mot fred og verdas folk. Det er difor viktig at vi jobbar aktivt for ein folkerettsleg bindande tekst som forbyr atomvåpen.
Men vi må diverre slå fast at Noreg med si stemmegiving har isolert seg og spelar på lag med land som ikkje vil ha ei atomvåpenfri verd. Det strid og mot det som har vore Noregs offisielle politikk på dette området i etterkrigstida. Noreg skal vere atomvåpenfritt område. Dette blei vedteke på Arbeidarpartiet sitt landsmøte i 1957.