Hjem > Arrangementer, Europa, NATO, Russland, USA-imperialisme > Bli med til Göteborg og demonstrer mot Aurora

Bli med til Göteborg og demonstrer mot Aurora


«Aurora» er den største militærøvinga i Sverige på 20 år. 20000 soldatar frå ti land skal delta og prislappen er på 583 millionar kroner.

Øvinga går i september i år og landsetting av soldatar i Göteborg by er ein del av opplegget. At ei NATO-øving kan leggast på svensk territorium er gjort mogeleg gjennom vertslandsavtala som Sverige inngjekk med NATO i 2016.

Bakteppet for øvinga i september er at USA og NATO ynskjer å trene på å flytte soldatar fram til Østersjøkysten som ledd i opptrappinga av aktiviteten mot Russland. Bruk av førehandslagra amerikansk materiell i Norge inngår i programmet. At Østersjøen no blir gjort til eit krigens hav gjer ikkje spenninga i Europa mindre.

Fredsrørsla i Norden seier unisont «Stopp Aurora 17!»

Stopp NATO deltar i dette arbeidet og vi mobiliserer til den store  protestdemonstrasjonen i Göteborg 16. september.

All informasjon om demonstrasjonen ligg her.

Bli med til Göteborg ved å ta kontakt med Stopp NATO eller møt fram direkte på

GUSTAV ADOLFS TORG I GÖTEBORG, LAURDAG 16. SEPTEMBER KL 13:00.

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: