Arkiv

Archive for the ‘Russland’ Category

Har Harry S. Truman atomvåpen ombord?

25. oktober 2018 1 kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Det amerikanske atomdrivne hangarskipet Harry S. Truman deltek i den store NATO-øvinga Trident Juncture (TRJ18).
Skipet har 90 fly og 6000 soldatar ombord og dermed er det totale tal på soldatar som deltek i krigsøvinga oppe i 51000.

Hangarskipet vil operere langs heile kysten heilt opp til Tromsø.
Skipet har to atomreaktorar ombord og er av ein storleik som ikkje er vanleg kost i norske farvatn.
Dei er sjølvsagt her for å gje ekstra musklar til den frå før gigantiske militærøvinga Trident Juncture, ei øving som er ein del av NATO si opprusting i  nordområda.
Mottoet som Harry S. Truman nyttar er det tidstypiske «Give `em hell». Les mer…

Reklamer

Demonstrasjon mot Trident Juncture i Bergen 27. oktober – pressemelding

25. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Laurdag 27. oktober klokka 15:00 demonstrerer aktivistar frå fleire fredsorganisasjonar mot Trident Juncture og militariseringa av Norden. Demonstrasjonen tar sted på Øvre Vågsallmenningen, og vil omfatte både appellar og kulturelle innslag. Etter markeringa blir det tog rundt Lille Lungegårdsvannet.

I ei utsegn signert av 34 nordiske fredsorganisasjonar står det:
«Hele Norden blir nå rusta opp under Natos ledelse og faren for krig øker. På Natos forsvarsministermøte i november 2017, ble det tatt beslutninger som er en alvorlig trussel mot freden.
[…]
Nordiske fredsforkjempere må stå sammen mot Natos krigsforberedelser. Vi må sammen protestere mot krigsøvelser og opprustning. Det er en opprustning betalt av folks velferd, og som truer befolkningen med atomkrigvanvidd.»

Aksjonskomiteen mot Trident Juncture i Bergen stiller seg bak den nordiske fellesutsegna, og oppfordrar alle fredselskande krefter til å slutte seg til demonstrasjonen. Stopp militariseringa av Norden, stopp Trident Juncture!
Signert:
Aksjonskomiteen mot Trident Juncture.

Aksjonskomiteen består av representantar frå Stopp NATO, Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, Raudt, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom.

Løpeseddel for demonstrasjonen i Oslo

8. oktober 2018 1 kommentar

Løpeseddelen for demonstrasjonen i Oslo 27. oktober kan lastes ned her.

Plakat for demonstrasjonen i Bergen

6. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Plakaten for demonstrasjonen mot Trident Juncture i Bergen 27. oktober kan lastes ned her.

Militærøvingar lagar ikkje fred

19. september 2018 Legg igjen en kommentar

Av Ivar Jørdre, Aksjonskomitéen mot Trident Juncture i Bergen

NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Out of area-strategien (nyare NATO-doktrine om å operera utanfor medlemsstatane sitt geografiske område) kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av t.d. Noreg å gjere. Men det er denne typen virksomheit som no er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-NATO» si rolle. Les mer…

Løpeseddel for Bergen

7. september 2018 Legg igjen en kommentar

Mobiliseringsløpeseddelen for protestmarkeringen i Bergen mot Trident Juncture 27. oktober kan lastes ned her.
Skriv ut på A4-ark, først på den ene siden, så på den andre. Klipp arket på midten.

Historia om «den iskalde tid» med Russland – og om dette endar med konflikt?

4. september 2018 Legg igjen en kommentar

Denne artikkelen er skrive av aktivist og kunstnar Ivar Jørdre. Artikkelen sto på trykk i Avisa Hordaland 23. juni under tittelen «VM i fotball varmar mange sine hjarta – er varmen til vertslandet like eins?».

Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?

Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det i dette skrivet trekt  fram dei store militærøvingane på begge sider det året.  I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde 2014 haust i nordområda. Og året før det, og åra før det, osb., osb. Slik held Vesten og NATO på. Russland på si side gjennomfører sine øvingar dei også, dei har også sikkerheit i tankane må vite. T.d. hadde dei ei stor øving i mars 2015 der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok føre seg etterkvart heile Russland frå vest til aust. Les mer…