Hjem > Om oss > Fascistar er uønskte i Stopp NATO

Fascistar er uønskte i Stopp NATO


stoppnazimenI fleire land i Europa og Nord-Amerika er fascismen og liknande rørsler i vekst. Fascismen er bygd opp av fleire grupper med ulike nemningar – «alt-right», «generasjon identitet», eller open nynazisme. Dei siste par åra har grupper frå desse straumdraga oppstått i Noreg, samtidig som fascistiske grupper og miljø har gjort forsøk på å få innpass i fredsrørsla mellom anna i USA og Frankrike. Sidan Stopp NATO ser seg sjølv som ein del av den internasjonale fredsrørsla, er det viktig at vi tar tydeleg avstand frå fascismen i alle hans formar.

Stopp NATO ønskjer å samle så mange som mogleg på ein plattform mot militarisering, krig og norsk NATO-medlemskap. Om antikrigsrørsla vi høyrer til skal kunne famne breitt og inkludere folk på tvers av kjønn, legning, nasjonalitet, hudfarge, funksjonsevne og partitilhøyrsle, er det samstundes nødvendig å halde fascistane utanfor. Vi vil vidare poengtere at den typen systemkritikk Stopp NATO driv med er uforeinleg med konspirasjonsteoriar av typen New World Order eller diverse antisemittiske teoriar, som vi tar avstand frå.

I vedtektane til Stopp NATO står det:

§ 2.1 Enhver som følger Vedtektene til Stopp NATO, betaler kontingent og støtter organisasjonens politiske grunnlagsdokument kan bli medlem av organisasjonen.

§ 2.1.1 Unntatt herfra er de som står tilsluttet eller representerer et politisk parti, organisasjon, gruppe eller miljøer som har rasistisk, nazistisk eller fascistisk program, praksis eller formål som er beslektet med slikt.

Innmeldte medlemmar som viser seg å høyre til ein organisasjon med rasistisk, fascistisk eller nazistisk program, vil bli suspendert og ekskludert frå organisasjonen av landsstyret. Personar knytte til dei same organisasjonane og miljøa vil bli nekta tilgang til Stopp NATO sin Facebook-gruppe. Vidare må vi understreke at dei er uønskte på arrangement i regi av Stopp NATO.

Landsstyret i Stopp NATO
Juni 2018

Kategorier:Om oss Stikkord: , , ,
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: