«VIKTIG MELDING, LYTT PÅ RADIO»
Av Steinar Eraker, Stopp NATO
Dette var ei velkjent beskjed som blei sendt ut over Sivilforsvaret sitt tyfon-anlegg i heile etterkrigstida. Tre signalseriar som skulle varsle at fiendtleg angrep var på veg og at man skulle lytte på radio for nærare orientering.
No er dette ikkje så opplagt lenger. Aftenposten har ein artikkel om denne saka den 12 juni 2018 med tittelen «Norge og NATO i krig».
I Norge deler Forsvaret og sivil radio på dei same DAB-frekvensområda.
Det kan få store konsekvensar under store militærøvingar og i krig. NATO jobbar i dag intenst for å få kontroll over DAB-frekvensane som i dag blir forvalta av Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet (Nkom).
Dei skriv på si nettside, nkom.no, 13. juni i år:
«Nkom skal ivareta samfunnets behov for frekvenser og legge til rette for at disse utnyttes effektivt. Dette inkluderer også å ivareta våre forpliktelser gjennom NATO-samarbeidet».
Dette høyres tilsynelatande ut til å vere i orden, men i neste månad startar den gigantiske NATO-øvinga Trident Juncture.
Og då er ikkje alt så sikkert lenger.
«Ved større øvelser der mange bruker utstyr og nett samtidig, vil det alltid være en viss sannsynlighet for at lokale forstyrrelser kan oppstå. Slike forstyrrelser kan påvirke sivile systemer som for eksempel kringkasting og mobilnett».
Altså kan det bety at radioen kan bli død i periodar i øvingsområda. NATO er den sterke part og neppe den lidande part.
Med unntak av Aftenposten er denne saka lite omtala i media. Sivilbefolkninga er neppe blitt orientert.
Vi kan vel slå fast at denne notisen i Aftenposten føyer seg inn i rekka av det vi har høyrt rundt denne gigantiske krigsøvinga. Få kritiske røyster kjem til orde. Det vi blir fortalt er stort sett solskinshistorier.
Men folka i dei nordiske landa bør kjenne si besøkstid og bruke TRJ 18 til å reise krav om mangfaldig informasjon. Det må kome i staden for marknadsføring, propaganda og desinformasjon.
Og ikkje minst må dei gå saman for å diskutere, protestere og mobilisere mot den opprustinga som NATO går i spissen for. Det er viktig at så mange som mogeleg no sluttar opp om dei protestane som fredsrørsla no organiserer rundt om.
Hej,
vi planerar en evenemang «Food, not fighter planes» on 20.10. kl. 12-14 i Joensuu, Finland. Vi skulle gärna skicka er en hälsning på er protest i Oslo samma dag (?). Var vänlig och skicka till mig info om account, på vilken vi kan sända foto eller videohälsning (på engelska, tror jag). email: namnet.efternamnet AT gmail.com .
Önsker er lycka och framgång! Kirsti Era