Hjem > Europa, Libya, Militarisering, NATO, Norsk imperialisme, Russland, Syria, USA-imperialisme > Militærøvingar lagar ikkje fred

Militærøvingar lagar ikkje fred


Av Ivar Jørdre, Aksjonskomitéen mot Trident Juncture i Bergen

NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Out of area-strategien (nyare NATO-doktrine om å operera utanfor medlemsstatane sitt geografiske område) kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av t.d. Noreg å gjere. Men det er denne typen virksomheit som no er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-NATO» si rolle.

Eit rystande og sterkt døme på kva eit NATO-land som Noreg si deltaking i «out of area»-strategien til NATO, er sjølvsagt bombinga av Libya i 2011 (eit anna døme er bombinga av Serbia i 1999).  Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort! Når stormakta USA med Noreg på slep endrar intensjon «over natta» utan nokon
debatt i det heile i Stortinget, vert forsvarsdoktrina vår: Frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.

Store NATO-leia militærøvingar
Heller ingen stor debatt av konsekvensar kring store militærøvingar i mainstream-media finns det mykje av i Noreg. I september 2017 var militærøvinga Aurora 17 i Sverige, den største svenske militærøvinga siden 1993. Meir enn 19 000 svenske soldater øvde krig saman med 2000 soldater fra USA, Finland, Frankrike, Norge, Danmark, Litauen og Latvia. Sverige har i seinare tid inngått offisiell partnarstatus med NATO-alliansen. Samstundes hadde Russland øvinga Zapad, som hadde større dimensjonar enn den svenske. Zapad (som tyder «Vest») er ei gjentagande øving med nokre års mellomrom.
Her simulerar russarane forsvar mot eit miltært åtak frå Vesten mot Russland eller randstatane.

I oktober-november i år kjem nok ei stor øving, denne gongen i Midt-Noreg, med kanskje så mange som 40 000 soldatar og tusenvis av køyrety og skal operera 150 fly og 70 skip, til lands og til vanns. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15-20 år. Ein mindre del av øvinga skal føregå i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen.
Noreg er altså vertsnasjon. Slik er det å vera medlem av NATO: Servil, underlagt, miljøsyndar, pengeslukar og med velvillige militærhissarar hjå makta. Denne øvinga kostar vertsnasjonen Noreg dyrt. To milliardar kroner er reservert, men summen kan verte tydeleg høgare, fortel forsvarsleiinga til Nrk. Våre skattepengar går til militarisering og ikkje nok til helse, skule, arbeid. Er ein skattenektaksjon det me treng, for fred?
Store miljøskader på produktiv jord, veg og anna infrastruktur er også venta.

Militariseringa av Skandinavia og Norden er altså i full gong og dermed spenningsdrivande! Og Noreg og Norden er med denne politikken medverkande til å
potensielt eskalera faren for storkrig i Europa.

Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par tenkjande på krig, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. Hadde berre Vesten og NATO rusta ned og invitert motparten til det same, då hadde me kanskje kunne sett fram mot fredelegare tider og ein tinande isfront. Tenk på dei komande generasjonar – det er dei som får vår militariserte tenking på sine skuldrar, om ikkje me stoppar makthavarane no!

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: