Arkiv

Posts Tagged ‘Europa’

Når NATO nærmar seg grensene og Russland svarar – kva då?

18. september 2017 Kommentarer av
Av Ivar Jørdre, fredsaktivist og Rødt-medlem. Først publisert 12.08.2015.
Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i dag 12.08.2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?
Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det trekt  fram dei store militærøvingane på begge sider det siste halvåret.  I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde ifjor haust i nordområda. Russland på si side gjennomførte ei stor øving i mars dette år der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok føre seg etterkvart heile Russland frå vest til aust.
Eg har før skreve på bloggen om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland. Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar. Ukraina er eit siste døme på dette. Der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø (då meiner eg ikkje dei radikale og sosialistiske rørslene i Ukraina, dei fekk ingen hjelp frå Vesten), fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i jan/feb 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg.
No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss som i Ukraina ifjor.
Ivar Jørdre

Originalartikkel: Når NATO nærmar seg grensene og Russland svarar – kva då?

Reklamer