Arkiv

Posts Tagged ‘Hiroshima’

Atomvåpen – den verste form for terrorisme

20. januar 2018 Legg igjen en kommentar
Hiroshima_Dome_1945

Eit bilete av øydeleggjingane i Hiroshima etter atombombinga 6. august 1945. Kjelde: Wikimedia Commons

Klokkene i Hiroshima stansa på litt over 8 den 6. august 1945. Livet gjorde det same og for manne-slekta blei det eit skilje. Før og etter.

Av Steinar Eraker, Stopp NATO
Innlegget har tidlegare vorte publisert på Verdidebatt.no, Nye Meninger og nettmagasinet Revolusjon

Eit fly hadde kome inn over byen i ei høgd av 25000 fot og slept ei bombe. Men ikkje ei slik som folk hadde blitt så vane med dei siste fem åra.
Denne eldkula var enorm  og kunne ha blitt sett frå ein annan planet dersom det hadde vore vitne der. Temperaturen kom eit augneblink opp i 7000 grader celsius og menneske brann levande opp i ein radius på 4 kilometer frå nullpunktet.
140000 menneske døyr momentant og seinskadar fører talet på offer opp i over 250000.
Dette var ei atombombe, verdas første. Slept av amerikanarane for å teste ny teknologi, vise styrke og audmjuke ein allereie slagen fiende.
Seinare blei dette gjenteke over Nagasaki og dermed var standard sett. Les mer…