Arkiv
Atomvåpen – den verste form for terrorisme

Eit bilete av øydeleggjingane i Hiroshima etter atombombinga 6. august 1945. Kjelde: Wikimedia Commons
Klokkene i Hiroshima stansa på litt over 8 den 6. august 1945. Livet gjorde det same og for manne-slekta blei det eit skilje. Før og etter.
Av Steinar Eraker, Stopp NATO
Innlegget har tidlegare vorte publisert på Verdidebatt.no, Nye Meninger og nettmagasinet Revolusjon
Eit fly hadde kome inn over byen i ei høgd av 25000 fot og slept ei bombe. Men ikkje ei slik som folk hadde blitt så vane med dei siste fem åra.
Denne eldkula var enorm og kunne ha blitt sett frå ein annan planet dersom det hadde vore vitne der. Temperaturen kom eit augneblink opp i 7000 grader celsius og menneske brann levande opp i ein radius på 4 kilometer frå nullpunktet.
140000 menneske døyr momentant og seinskadar fører talet på offer opp i over 250000.
Dette var ei atombombe, verdas første. Slept av amerikanarane for å teste ny teknologi, vise styrke og audmjuke ein allereie slagen fiende.
Seinare blei dette gjenteke over Nagasaki og dermed var standard sett. Les mer…
No nukes!

«No nukes!» Foto: Amos Keppler
7. desember markerte fredsvenner i Bergen sin støtte til fredsprisvinner ICAN på Torgalmenningen. Markeringen var støttet av Bergen AUF, Miljøpartiet De Grønne, Norges Kommunistiske Parti, Rødt, Sosialistisk Ungdom, Kunsthall 3.14, Norsk Folkehjelp Bergen, Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Bergen, Stopp NATO og Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet Bergen.
Budskapet var: «Heia ICAN! Signér atomvåpenforbudet nå! No nukes!»
Løpeseddel om Norge og NATO
Stopp NATO har laget en ny løpeseddel om Norge og NATOs atomstrategi. Den kan lastes ned her.
Løpeseddelen bør skrives ut i fullformat. Skriv ut på den ene siden, snu arket og skriv ut på andre siden.
Gratulerer med fredsprisen!
Fredag 6. oktober blei Nobels fredspris 2017 tildelt International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN).
ICAN blei etablert i 2007 med den hensikt å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Og eit langt skritt blei tatt då 122 statar underteikna ein avtale om forbod i FN den 7. juli i år. Dersom 50 nasjonar ratifiserer denne avtalen blir den internasjonal rett.
Millionar av menneske og 500 grasrotorganisasjonar i over 100 land har dei siste ti åra jobba aktivt for at ICAN sitt mål skal lukkast og at alle verdas land skal underteikne ein avtale. For dette arbeidet er fredsprisen enormt viktig og ein inspirator til å jobbe vidare for ei verd utan atomvåpen.
«Stopp NATO» vil gratulere og samstundes yte vår del for at målet skal bli nådd. Akkurat nå er denne prisen viktig fordi faren for ein atomkrig er større enn nokon gong. Eit forbod kan stigmatisere atomvåpen og vere ei viktig motvekt til den opprustninga vi ser over heile verda. Les mer…