Arkiv

Posts Tagged ‘klima’

NATO-øvinga Trident Juncture og miljøet

6. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

I desse dagar er politiske parti, fredsorganisasjonar og enkeltpersonar i full sving med å rette søkelyset mot den kommande NATO-øvinga Trident Juncture (TRJ18). Den skal  finne stad i perioden frå 15. oktober til 7. november og vil omfatte store delar av Norden med hovudvekt på Norge. Totalt 40000 soldatar frå alle NATO-land og nære allierte skal delta.

Det er motstand mot denne øvinga.  Folk er med rette redd for at den, i kraft av sin storleik, vil auke spenninga i våre område og føre til auka opprusting.

Det er mange innafor fredsrørsla som er opptekne av miljøaspektet ved denne form for militær aktivitet.

Vår meining er at TRJ18 vil føre til omfattande skadar på jorder, skog og utmark og ikkje minst utslepp til jord, luft og vatn. Fredsrørsla er redd for at miljøspørsmålet blir gløymt opp i all snakk om logistikkproblem. Les mer…

Reklamer