Hjem > Militarisering, NATO > NATO-øvinga Trident Juncture og miljøet

NATO-øvinga Trident Juncture og miljøet


Av Steinar Eraker, Stopp NATO

I desse dagar er politiske parti, fredsorganisasjonar og enkeltpersonar i full sving med å rette søkelyset mot den kommande NATO-øvinga Trident Juncture (TRJ18). Den skal  finne stad i perioden frå 15. oktober til 7. november og vil omfatte store delar av Norden med hovudvekt på Norge. Totalt 40000 soldatar frå alle NATO-land og nære allierte skal delta.

Det er motstand mot denne øvinga.  Folk er med rette redd for at den, i kraft av sin storleik, vil auke spenninga i våre område og føre til auka opprusting.

Det er mange innafor fredsrørsla som er opptekne av miljøaspektet ved denne form for militær aktivitet.

Vår meining er at TRJ18 vil føre til omfattande skadar på jorder, skog og utmark og ikkje minst utslepp til jord, luft og vatn. Fredsrørsla er redd for at miljøspørsmålet blir gløymt opp i all snakk om logistikkproblem.

Det vi veit er at 40000 soldatar skal delta.  Det er ei folkemengd på storleik med Bodø by.   8000 køyrety skal ut på vegane. Av erfaring veit vi at det for det meste er lastebilar og tunge køyrety som lagar store sår i naturen og ikkje minst store utslepp til luft.

8000 køyrety er ei kolonne på 92 km, avstanden Oslo – Kongsvinger.

Så kjem bruk av store mengder laus ammunisjon som betyr utslepp av tungmetall til naturen som ingen har kontroll på.

I desse dagar driv NATO med det dei kallar «deployment» – utplassering av tungt utstyr og maskiner.

Alliansen er  ein versting på miljøfronten. Og med ein stat som har sagt opp Parisavtalen i førarsetet lovar ikkje det det  beste.

Auka militarisering vil sette større press på klima og miljø. Og vi veit at militærvesenet er unnateke klimarekneskapen trass i at dei er ansvarlege for ein god del av utsleppa.

NATO skal gjere oss trygge blir det hevda. Då er det eit paradoks at den utgjer eit trugsmål på grunn av store miljøskadar.

Og at NATO har førstebruk av atomvåpen som ein del av sin doktrine er noko vi må stoppe opp ved.

Eit kjernefysisk ragnarok er kanskje det verste trugsmålet som menneskeslekta står overfor. Bruk av desse våpna vil gjere kloden ubrukeleg for alle.

Klimaendringane har dei siste åra blitt mykje tydelegare for alle. Den ekstremt tørre sommaren vi har lagt bak oss burde få nokon kvar til å tenkje seg om.

Våre politikarar bør, saman med NATO-sjef  Jens Stoltenberg, stå fram og fortelje oss kor store utslepp det blir frå denne øvinga.

Alle dei 8000 køyretya og dei store krigsflya og båtane er ikkje akkurat smålåtne på drivstofforbruk.

Eit  F-16 jagarfly brukar til dømes 3400 liter bensin pr time og ei litt meir beskjeden Leopard beltevogn brukar «berre» 21 liter diesel på ei mil.

Dette er Forsvaret sine eigne tal. Så då er det berre å starte å rekne ut dersom dei ansvarlege ikkje vil.

Og eit anna spørsmål som er relevant: Finst det ein plan for å betale for skade på skog, dyrka mark og vegar, og kven er det som dekker dei kostnadane?
Og kven trugar oss mest, Russland eller faren for ei miljøkatastrofe?

Det er overraskande stille frå miljøorganisasjonane om det militære generelt og TRJ18 spesielt.  Det undrar og uroar.

Stopp NATO har sendt spørsmål om dette til fleire miljøvernorganisasjonar utan å få svar tilbake.  Kvifor?

Kjenner dei ikkje problema eller er dei redde for at fakta på bordet vil skremme befolkninga? Men det hjelp ikkje å sitte musestille å håpe på at det går over. Ingen tener på det.

Når vi har fått ein øydelagt klode er det for seint. Vi må få trollet fram i lyset. Militære aktivitetar har ein enorm effekt på miljøet i fredstid og ikkje minst i den krigen dei øver på. Forureining av vatn kan skape grunnlag for nye konfliktar. Jorda blir gjort giftig gjennom bruk av ammunisjon, miner, kjemikaliar og flytting av soldatar.
Og ikkje minst bruk av atomvåpen kan skape ein atomvinter der atomskyene blokkerer for sollyset og legg kloden øyde.
Trass i alle åtvaringane så går opprustinga sin skeive  gang i ein spiral. Og politikarane legg gjerne inn eit ekstra gir for å tilfredsstille NATO sitt behov.

Men krig skal ikkje aksepterast som konfliktløysing.
I staden må vi starte å tenkje nytt. Korleis ynskjer vi at verda sine ressursar skal bli brukt? Kva slags verd vil vi ha og vere ein del av?
Politikarar som hevdar at dei er opptekne av slike spørsmål bør oppfordrast til å ta seg ein tur ut blant folk som er råka av militær maktbruk.
Også der vesten har vore på ferde med sine operasjonar. Kanskje dei då kan få litt perspektiv på det dei held på med før det er for seint.

 

 

 

 

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..