Arkiv

Posts Tagged ‘KNM Helge Ingstad’

Er Forsvaret eit trugsmål mot det sivile samfunn?

12. desember 2018 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Natt til fredag 8. november dundra fregatten Helge Ingstad inn i oljetankaren Sola TS utafor Sture-terminalen i Hordaland. Denne ulukka burde vise for all verda at Forsvaret er eit alvorleg trugsmål mot det sivile samfunn og miljøet rundt oss.

I mørket i Hjeltefjorden var vi ei hårsbreidd frå ei katastrofe med tap av mange menneskeliv.

Og hadde det blitt slått hol på skroget i oljetankaren kunne vi fått ei miljøkatastrofe vi ikkje hadde sett konsekvensen av. Sola TS var lasta med mange hundretusen tonn råolje og var på veg til England.

Det sivile samfunn har krav på svar på dei mange spørsmåla som har meldt seg hos folk flest etter denne ulukka. Men Forsvaret har etter beste evne lagt lokk på saka. Og verst av alt er at dei skjuler seg bak «omsynet til dei som er involvert».  Vi vil sjølvsagt be dei om å slutte å skjule seg for å sleppe å ta det ansvaret dei faktisk har. Kva med omsynet til alle dei som var ei hårsbreidd frå å bli ramma av ei stor katastrofe? Les mer…

Reklamer