Hjem > Militarisering, NATO, USA-imperialisme > Er Forsvaret eit trugsmål mot det sivile samfunn?

Er Forsvaret eit trugsmål mot det sivile samfunn?


Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Natt til fredag 8. november dundra fregatten Helge Ingstad inn i oljetankaren Sola TS utafor Sture-terminalen i Hordaland. Denne ulukka burde vise for all verda at Forsvaret er eit alvorleg trugsmål mot det sivile samfunn og miljøet rundt oss.

I mørket i Hjeltefjorden var vi ei hårsbreidd frå ei katastrofe med tap av mange menneskeliv.

Og hadde det blitt slått hol på skroget i oljetankaren kunne vi fått ei miljøkatastrofe vi ikkje hadde sett konsekvensen av. Sola TS var lasta med mange hundretusen tonn råolje og var på veg til England.

Det sivile samfunn har krav på svar på dei mange spørsmåla som har meldt seg hos folk flest etter denne ulukka. Men Forsvaret har etter beste evne lagt lokk på saka. Og verst av alt er at dei skjuler seg bak «omsynet til dei som er involvert».  Vi vil sjølvsagt be dei om å slutte å skjule seg for å sleppe å ta det ansvaret dei faktisk har. Kva med omsynet til alle dei som var ei hårsbreidd frå å bli ramma av ei stor katastrofe?

Man kan lure på om det berre var ei ny festtale då forsvaret lanserte den dyre og omfattande omdømme-kampanjen «For alt vi har. Og alt vi er».

Plutseleg er det ikkje viktig lenger at folk forstår kva rolle Forsvaret spelar i samfunnet. Og for verkeleg å gardere seg og lage seg ein ekstra buffer så vil dei halde dei funna som blir gjort ved gransking av ulukka hemmeleg.

Men det lov å bruke sunn fornuft. Det dyre og avanserte utstyret på brua er der for å bli brukt. Det sivile navigasjonssystemet AIS var slått av om bord i Helge Ingstad. Dette systemet gjev kontinuerleg oversikt over skipstrafikken langs kysten.

Kvifor slår man av eit viktig hjelpemiddel når ein båt fullasta med skarp ammunisjon blir kjørt med 17 knops fart inn i ei av Norges mest trafikkerte havområde?

Og kvifor ignorerer man ein fullasta oljetankar sine varselrop om kollisjonskurs?  Radiokommunikasjon på båtar er ikkje noko som man driv med når man har tid og lyst.  Alle med båt veit at det er lytteplikt på VHF kanal 16. Men Forsvaret skjuler seg bak venting på rapportar, granskingar og anna tåkeprat for å sleppe å ta ansvar.

Og då Havarikommisjonen la fram sin rapport 29. november var ein av konklusjonane at mannskapet på fregatten trudde at tankskipet var «en terminal på land».  Men man skal vel sette ned farten og svinge unna sjølv om man er i ferd med å kjøre på land.  Dei ansvarlege opptrer ikkje heilt truverdig.

Man klarer heller ikkje å sikre vraket av fregatten. Bilda av wire som er festa til fjellet lyser mot oss.

Det er ikkje slik man sikrar eit skipsvrak ved uvær. Det er nok god økonomi, men dårleg sjømannskap å bruke stålwire til slikt oppdrag. Då er det kun stålkjetting som duger.  Og det hadde selskapet «Sotra Anchor & Chain» som heldt til ikkje langt unna havaristaden. (aldrimer.no  13/11).

Kanskje det likevel er slik at Forsvaret veit utmerka godt kva som skjedde ombord på Helge Ingstad, men at vi som skattebetalarar ikkje skal få vite kvifor 4 milliardar blei sløst vekk på det som verkar som rein inkompetanse.

Likevel kjem det stadig nye drypp av dei faktiske forholda opp til overflata. Det siste er at ein amerikansk offiser var på brua då kollisjonen skjedde.

Vi veit at sjef for den amerikanske marinestyrken i Europa, James G. Foggo, var om bord i Helge Ingstad fire dagar før ulukka. Han har nekta å svare på spørsmål frå Havarikommisjonen om kva rolle fregatten spela for USA. Kva skjuler han?

Det er på sin plass å krevje svar på ein del spørsmål som melder seg etter denne ulukka som kunne ha fått så katastrofale konsekvensar for det sivile samfunnet:
– Var KNM Helge Ingstad under NATO-kommando då den kolliderte?
– Kva grad hadde den amerikanske offiseren som var om bord og kva var hans rolle på brua?
– Kvifor vil Forsvaret halde hemmeleg det som måtte komme fram i den interne granskinga av ulukka?

 

 

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..