Hjem > NATO, Russland > Eskalering av militærøvingar

Eskalering av militærøvingar


Vi har fått inn et innlegg fra Iver Johnson:
Frå 25 mai til 5 juni pågår militærøvinga “Arctic Challenge Exercise 2015” over norsk, svensk og finsk territorium på Nordkalotten. Omlag 100 militære fly av ulike kategoriar og 3600 soldatar frå i alt 9 land er med på øvinga.
Dette er reint formelt ikkje ei NATO-øving (!), mest avdi Sverike, Finland og faktisk Sveits tek del i ho. Men det er Noreg som har ansvaret for øvinga, og andre ikkje heilt ukjende NATO-land som USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Nederland deltek med fly og mannskap. Og den formelle statusen til øvinga til trass so vart ho likefullt beæra med vitjing frå NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg…….

Like etter oppstarten av denne øvinga starta så russiske land – og sjøstridskrefter opp ei øving over fire dagar på si side av grensa i nord, kor 250 militære fly og helikoptrar og omlag 12 000 soldatar tok del.

Og i perioden 5 – 20 juni dreg Nato i gang Baltops 2015 i den sørlege delen av Austersjøen. Dette er ei militærøving kor 5600 soldatar, 50 skip og 60 fly frå i alt 17 ulike land, deriblant igjen Sverike og Finland, skal øva på ymse former for maritim krigføring og landgangsoperasjonar.
Og ein vil nok ikkje tapa mange pengar om ein veddar på at russerane so vil dra i gang ei ny militærøving som svar på denne NATO-øvinga…..

Det er i denne samanhengen ganske interessant å merka seg det som oberst Tormod Heier ved Forsvarets stabsskule i eit intervju ma uttalar om denne vestlege øvingsaktiviteten: ”Øvingen kan føre til russiske reaksjoner, om Russland oppfatter den provoserende. Øvingen i seg selv er ikke tillitsskapende. Russland har blitt presset opp i et hjørne av NATO. Fra Finnmark til Krim er Russland omringet av vestlige allierte. Det må vi ha i bakhodet når vi skal forstå Putins reaksjoner.”
Intervjuet med Tormod Heier kan lesast her:
http://goo.gl/cJjCoI

 

Kategorier:NATO, Russland Stikkord: , ,
  1. 3. november 2022, kl. 03:26

    Gratefful for sharing this

  1. 5. juni 2015, kl. 19:20

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: