Hjem > Atomvåpen, Midtøsten og Nord-Afrika, NATO, Norsk imperialisme, Russland > NATO – kapitalismen sin våpenbror!

NATO – kapitalismen sin våpenbror!


Et innlegg av skribent og kunstner Ivar Jørdre
ivarjordre.wordpress.com

NATO-sjef Jens Stoltenberg oppfordrar Noreg om å auke forsvarsbudsjettet til 2 % av BNP. Typisk nok er kapitalismen sin forsvarar NATO ein påtrengande lobbyist når det gjeld aukande rammer for krigsinnsatsen sin. Ikkje berre ovanfor Noreg, men alle andre NATO-land også.

Dagens budsjett på ca. 44 milliardar kroner, ca. 1,4 % av BNP, kan heller ikkje kallast eit forsvarsbudsjett då omlag ein fjerdedel av det går til krigsfremjande tiltak. Skreller me av bevilgningane knyta til krigsflyprosjektet Joint Strike Fighter F-35, bevilgningane til framleis innsats i operasjonane til NATO i Afghanistan og no på nytt i Irak, og til NATOs opprustning i Aust Europa, kan dagens budsjett knappast ned til minst 1 % av BNP.

Noreg skal ha eit nasjonalt folkeforsvar som tenar forsvaret av vår nasjonale suverenitet, ikkje noko som trekker Noreg med i intervensjonar i andre land slik me har sett dei siste tiåra. MEN det skal vera ute av NATO!

Ei omlegging av det norske militærapparatet til nasjonalt forsvar er logisk i høve ikkje-NATO medlemskap. Det naturlege utgangspunktet vert då at dagens budsjett reduserast med ca. ein fjerdedel, truleg meir. NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Men out og area-strategien kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av Noreg å gjere. Men det er denne typen virksomheit som nå er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det “nye-NATO” si rolle.

NATO si bombing av Libya – ei krigsforbryting

Eit rystande og sterkt døme på kva eit NATO-land som Noreg si deltaking i “out of area” strategien til NATO, er sjølvsagt bombinga av Libya i 2011 (eit anna dømer bombinga av Serbia i 1999).  Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort! Når stormakta USA med “vesle-imperialisten” Noreg på slep endrar intensjon “ovar natta” utan nokon debatt i det heile i landet sitt “demokratiske palass” Stortinget, vert forsvarsdoktrina vår: Frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.

I DETALJAR GJEKK KRIGSDELTAKINGA FØRE SEG OMLAG SLIK OG RESULTATA DERETTER: Norske F-16-fly slepte 588 bomber over Libya. Nato slepte i alt 7642 bomber over Libya frå mars til oktober 2011. Omlag 30.000 menneske reknast å ha vorte drept under borgarkrigen. Det er framleis hemmeleg kva bombene trefte. NATO og det norske Forsvarsdepartementet nektar å frigjera dokument om bombinga. Med andre ord: Kor mange sivile, stridande og militære som vart drept og skada av Noregs og NATOs bomber? Norges og NATOs bombing førte til at dei mange opprørsgruppene i Libya vann og at heile maktbalansen i Nord-Afrika vart endra. Landet har sidan vore i intern kaos der opprørarane slåst seg i mellom, det er ei utruleg svak “sentralregjering” utan makt og Libya er ein fristad for al-Qaida grupper og IS. Menneskesmuglarar opererar fritt og ein stor del av flyktningane som kjem til Europa reiser gjennom Libya.

Det var einigheit i Stortinget om Noregs krigføring. Sagt med andre ord: Partileiarane vart kontakta av dåverande utanriksminister Gahr Støre for godkjenning av norsk deltaking og det var omlag ingen diskusjon om saka. Etter at han sjølv snudde på “helen” frå motstand til posisjon for bombing, etter FNs Sikkerheitsråd sin resolusjon 1973. Noregs innsats i byrjinga bygde i noko grad på at Libyas dåverende leiar, Muammar Gaddafi, skulle ha brukt flyvåpenet mot eigne sivile. Dette har seinare vist seg grunn til å setje store spørsmålstegn om han brukte flyvåpenet slik.

Ein FN-resolusjon med støtte frå Den arabiske liga ga eit visst grunnlag for intervensjon. Men støtta var ikke så einstemmig som ein kanskje hadde inntrykk av, fordi mange land – arabiske og andre – avstod frå å stemme. Og flere av dei som støtta resolusjonen, ønska at forhandlingar skulle vore prøvd i større grad før bombinga byrja. I denne tida tilbaud Gaddafi våpenkvile, men USA, Noreg og andre vestland brydde seg ikkje om det. Det mykje truleg at “bombealliansen” allereie hadde bestemt seg for eit regimeskifte.

Bombene sleptest laus og trefte både militære og sivile. Bare 25 prosent av dei norske bombetoktene var planlagt på førehand, slik at pilotane visste på førehand kva dei skulle bombe. I dei andre tilfella fann piloten ut bombemåla der og då. Dette i høve til engasjementsreglane som dei kallast. Det kom ingen klarering frå komandolinene, så pilotane fekk eit fullstendig uansvarleg stort ansvar.

“Det er stygge ting du ofte ser,” sa ein av pilotane. Særleg i debriefingen, altså då ein ser det etterpå på større skjerm med fleire detaljar. NATOs pilotar bomba også i tettbygde områder. “Det bør ikke være en overraskelse for noen som driver i denne bransjen at det går med liv på bakken når du dropper bomber,” sa ein av pilotane.

Afrikanske forhandlarar kom med eit “vegkart for fred” under borgarkrigen. Gaddafi godtok det, NATO sa nei, ingen politisk fredsløysing var aktuell. Og bombingen heldt fram. – Gaddafi hadde støtte frå deler av folket. “Norske bomber stoppet fredsforsøket i Libya,” sa piloten til NRK.

To norske fly bomba Gaddafi sin residens i Tripoli. Ifølge libyske nyhendebyrå vart tre menneske drept og 45 skada, blant dei fleire barn. Usanske journalistar rapporterte at det ikkje var nokon militære installasjonar i nærleiken av bombenedslaga. Danske fly bomba huset kor Gaddafi oppheldt seg. Hans yngste son og tre barnebarn vart drept. Dåverande utanriksminister Gahr Støre sa dette utrulege: “At sivile blir drept, er noe vi må beklage hver gang.” Med andre ord, at ein ikkje kan beklage sjølve bombinga.

Noreg heldt sterkt på at bombinga ikkje var for å få til regime-endring, men på å verne sivile. At ein bomba Gaddafi sin residens og gjekk inn i kampsituasjonar og støtta opprørarane, hadde visst ikkje noko med det å gjera. Slik virkar logikken til NATO og deira villige frå Noreg.

Jacob Zuma frå Sør-Afrika krevde at den Internasjonale straffedomstolen måtte undersøkje NATOs og Noregs krigsinnsats om moglege krigsforbrytingar, og fordi “vi hadde bombet i stykker meglingsforsøket til Den afrikanske union”. Dette fekk han sjølvsagt ingen til å høyre på i den Internasjonale straffedomstolen i Haag, heller. I sluttfasen omdefinerte NATO ei rekkje openbare sivile mål til militære mål. I dag er Libya ein “failed state” der kaos rådar. Er det slik vestmaktene og USA helst såg utfallet. Ein kan mistenke dei for det når ein ser kor lite som er gjort etter krigen.

Internasjonal konvensjon mot bruk av atomvåpen

Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina også opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar. Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukraina-konflikta er også med i dette biletet. Dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til Austerrikes utspel om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen. Noko som i dagen sitt politiske tilhøve diverre ikkje er mogleg.

Sjølv om det er atomstormaktene USA og Russland som må gå i spissen for ein atomnedrustning, vil det ha stor viktigheit at flest moglege land startar med å erklæra at dei aldri vil stasjonera atomvåpen på si jord og ikkje vera medansvarlege for bruk av atomvåpen. Det må Noreg i høgste grad gjera også. Men vil den norske makteliten det?

For Noregs del tyder det at inntil Noreg melder seg ut av NATO, må Norge arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATOs atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at usanske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO no iverkset, m.a. i Ukraina. Men med m.a. ein utprega krigsminister som forsvarminister og andre NATO-elskarar i omlag alle parti, heilt unteke partiet Raudt, så er håpet om endra atomvåpentillnærming, omlag det same som å overleva på Mars-overflata utan romdrakt. Inntil den globale opinion får nok politisk surstoff til endring, hender det ingenting, heller ikkje i Noreg. Uansett: Internasjonal konvensjon mot bruk av atomvåpen, NÅ! Men, når du har slike krigshissande uttalingar som Stoltenberg kom med denne sommaren: – “NATOs atomvåpen er del av avskrekking” – så forstår truleg dei fleste kor landet ligg – meir krigshissing!

NATO, Tyrkia, IS og PKK

NATO støttar Tyrkia i åttak mot IS, men også mot PKK. NATOs sanne ansikt kjem her fram: NATO har gove politisk støtte til Tyrkias kampanje mot PKK som eit mål til utan direkte ord, utan direkte innblanding og utan politiske konsekvensar, til ein gong for alle verte kvitt dei kurdiske kjemparane. La Erdogan gjera det skitne arbeidet for dei og Vesten. Det ser ut som dette vil verte realiteten i ei tid framover også, om denne bombekampanjen held fram: Berre sjå på kor lite me har høyrt om tyrkiske åttak mot IS posisjonar. Om det er eit tilfeldig samtreff og mangel på informasjon? Eg trur ikkje det. Erdogan og hans tinnsoldatar har nesten i alle aksjonane retta skytset mot PKK-basar i dei nord-irakiske fjellområda og ikkje mot IS in Nord-Syria. Kvifor? Fordi den tyrkisk “ottomanske og kalifattenkande” regjering ser på kurdarane som eit reelt trugsmål mot ideen om  eit Stor-Tyrkia. Og mot arven etter “nasjonsbyggaren” Ataturk også. Dette saman med det vanlege geopolitiske og strategiske interessene til Vesten og NATO, gjer det heile til ein veldig giftig miks! Tyrkia er trass alt eit NATO-medlem.

Ein annan ting: Sjølvsagt tenar IS på den tyrkiske krigføringa mot PKK. Tyrkia har då også i sine kyniske ambisjonar støtta IS økonomisk og militært i kampanjen mot Assad-regimet i Syria. Saman med dei største IS-sponsorane Saudi-Arabia og Qatar, begge “gode”vestallierte . Usansk UD avviste i juli å ha gove grønt ljos til Tyrkias PKK-bombing, som motyting til at USA får bruke militærbasen Incirlik i kampen mot IS. Tru det den som vil! Sjå elles også min artikkel: The true face of USA, NATO and Turkey

Russland innvolverar seg

Russland har i det aller siste også meldt seg for alvor inn i Syria-konflikta militært med sine jagarfly. Som vanleg vert det eit vestleg “ramaskrik” når Putin blandar seg for mykje inn i det Vesten ser på som deira “kampanje”. “Dei allierte” uttrykker veldig uro over den russiske bombinga i Syria. Russland skil ikkje mellom moderate og ekstreme opprørsgrupper i Syria når dei bomber mål i Syria. Det fører til styrking av IS, vert det sagt. Russiske styresmakter avviser kritikken frå USA og dei andre landa. Dei opplyser at russiske jagarfly utførte 14 bombetokter i Syria, 2. oktober, der seks trefte IS-mål, Mellom anna vart eit av IS’ våpenlagre og ein bombefabrikk øydelagt, ifølge meldingane.  3. oktober kom endå fleire tokter mot IS-mål, som skapte panikk, ifølge det russiske nyhendebyrået Tass. 6. og 7. oktober har den russiske kampanja gjort endå fleire tokt med mange trefte mål, ifølge byråa. Etter dette har Russland også sendt kryssarrakkettar frå krigsskip i Kaspiahavet mot mål i Syria. Om dei treff sine påståtte IS-mål er usikkert, men at dei skaffar vestalliansen meir hovudbry er det derimot ingen tvil om. Og at heile infernoet av krig i Syria skapar millionar av flyktningar både i og utanfor landet er det heller ingen tvil om!

De er ingen hemmelegheit at Russland støttar Assad-regimet og at dei ser på det som viktig i kampen mot IS. Dei har og strategiske og økonomiske interesser i området. Det er ikkje dermed sagt at president Assad sjølv er “immun” for russarane, men..dette uroar NATO og Stoltenberg seg naturlegvis for. Ikkje nok med det. Dei skrur opp temperaturen ved stadig vekk å agitera mot russarane med krasse utsagn. Om Russland sitt engasjement i konflikta er med på å fyre opp bålet endå meir eller dei sløkker deler av det, vil tida vise. Men det som i alle fall visar seg og som denne artikkelen prøver å vise, er at NATO er heller ingen “fredsengel” og har aldri vore det. Tvert om er dei aggressoren, som heile tida er klar til å “erobre” nye områder og marknader for kapitalismen sin ekspansjon. Imperialismen og kapitalismen går hand i hand. NATO er deira vernar og våpenbror!

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: