Hjem > Antikrig, Militarisering, NATO > Medan dei snakkar om fred, førebur dei krig

Medan dei snakkar om fred, førebur dei krig


Dette innlegget er skrevet av Steinar Eraker og har stått på trykk i Stavanger Aftenblad, Rogalands Avis og Friheten.

NATO-møtet i Stavanger, 9 – 12 oktober, bør nok ikkje gå upåakta hen.
Her blei det strødd sand over dei vedtaka som alt er gjort om opprustning av Europa.
Og sidan ein delegasjon frå Ukraina (som ikkje er medlem av NATO) var tilstades blei støtta til den høgreorienterte regjeringa i Kiev ytterleg styrka.
Verda blir nok ikkje ein tryggare plass etter dette møtet. Posisjonane blir flytta lenger aust og Russland utpeika som den store fienden.
Vi er tilbake i den kalde krigens kontekst. Nå er det slik at moderne krigar blir legitimert av humanitære hensyn. Og difor kan det vere vanskeleg å avsløre og stå imot presset frå NATO, USA og politiske maktorgan.
Erfaringane frå Afghanistan, Libya og Midt Østen viser at vestleg militær innblanding ikkje fører til fred og tryggleik for sivilbefolkninga.
I tillegg har NATO førstebruk av atomvåpen som sin fremste strategi. Å vere medlem av NATO aukar faren for at Norge blir dratt inn i ein angrepskrig. NATO er ikkje lenger ein forsvarsallianse, men verdas mest aggressive militærmakt.
Idag ser vi at alliansen trappar opp konflikta med Russland og fleire land har signalisert at dei vil engasjere seg i krigar og konfliktar.
Kampen mot NATO er meir enn nokon gong aktuell nå som Jens Stoltenberg er generalsekretær i alliansen.

Advertisements
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: