Hjem > Aksjoner, Diplomati og hykleri, NATO, USA-imperialisme > Arrester Henry Kissinger!

Arrester Henry Kissinger!


Henry Kissinger er invitert til Oslo for å halde foredrag om verdsfreden og det amerikanske presidentvalet. Dette skjer i samband med utdelinga av Nobels fredspris 10 desember og møtet er i regi av Nobelinstituttet.

Kissinger er ingen kven som helst. Han var nasjonal rådgjevar for tryggleik 1969 – 1975 og amerikansk utanriksminister 1973 – 1977.  Dette var under presidentane Richard Nixon og Gerald Ford.  Og sjølv blei han tildelt Nobels fredspris i 1973, ei av Nobelkomiteens mange kontroversielle utdelingar.

Men  Kissinger er nok mest kjend som ein notorisk krigsforbrytar. Mellom 1969 og 1975 drap amerikanske bombefly 750000 sivile i Kambodsja under påskudd av å øydelegge nordvietnamesiske lagre i landet. I ettertid har det kome fram at desse lagra ikkje eksisterte. I tillegg kjem alle dei sivile som mista livet som resultat av amerikansk krigføring i Vietnam, både i nord og syd.

I løpet av seks månader i 1973 slapp USA fleire bomber over Indokina enn over Japan under heile andre verdskrig.

Henry Kissinger er og sentral i amerikanske operasjonar på det sydamerikanske kontinentet.  Fremst i rekka står kuppet mot og drapet på den chilenske presidenten Salvador Allende i 1973. Ein militærjunta kom til makta i Chile med blodig undertrykking av all opposisjon

Det har blitt satt i verk ei chilensk gransking av kva som skjedde i landet og dei ynskjer å avhøyre Kissinger om kva han veit. Anklaga mot han er referert i boka «The trial of Henry Kissinger» av journalisten Cristopher Hitchen.

Han må svara for desse punkta:
1: Samstundes med at Kissinger var uoffisiell,  godt informert rådgjevar under fredsforhandlingane om Vietnam valsommaren 1968, gav han rapport i all løyndom til presidentkandidat Richard Nixon. Denne igjen undergravde forhandlingane ved å ta kontakt direkte med regimet i Saigon.  Nixon blei vald til president og Vietnamkrigen blei forlenga med fleire år.

2:  Som president Nixons rådgjevar i 1970 gjorde han seg skuldig i ei rekke lovbrot under «arbeidet» for å hindre at Salvador Allende blei vald til Chiles president, og for å få han styrta då han allikevel blei valt. Det siste lukkast i 1973.

3: Henry Kissinger samarbeidde med militærjuntaen i Hellas, som fall berre tre veker etter at Nixon måtte gå av som president.  Han var òg kjend med planar om å kidnappe ein gresk journalist i Washington.

Som vi ser er lista over brotsverk ganske lang, og fleire land ynskjer å tiltale Kissinger, deriblant Chile og Argentina.  Men i Noreg er han trygg, det er garantert av vår regjering.

Det OK med kjeltringar, ser det ut til. Tydelegvis er det andre lover for varslaren Edvard Snowden som risikerer å bli arrestert dersom han kjem til Norge.

Temaet for møtet i Oslo er verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet sett frå Henry Kissingers ståsted.  Men Kissinger er ein krigsforbrytar og bør behandlast deretter. Hans plass er ikkje på ein talarstol på universitetet, men i ei celle hos den internasjonale krigsforbrytardomstolen i Haag.

Ekstra smaklaust er det at arrangementet er lagt i samband med utdelinga av Nobels fredspris 10. desember. Men Nobelkomiteen og Nobelinstituttet blir vist aldri lei av å skandalisere seg sjølve.  Dette besøket føyer seg inn i rekka av uheldige vedtak som desse institusjonane har gjort. Men som kjent er vi ein lydig tenar av USAs og NATOs politikk.

Det bør difor organiserast protestar mot besøket og mange bør trosse det som måtte bli av politisperringar og unntakstilstand når krigsforbrytaren set foten på norsk jord.

Advertisements
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: