Arkiv
Arrester Henry Kissinger!
Henry Kissinger er invitert til Oslo for å halde foredrag om verdsfreden og det amerikanske presidentvalet. Dette skjer i samband med utdelinga av Nobels fredspris 10 desember og møtet er i regi av Nobelinstituttet.
Kissinger er ingen kven som helst. Han var nasjonal rådgjevar for tryggleik 1969 – 1975 og amerikansk utanriksminister 1973 – 1977. Dette var under presidentane Richard Nixon og Gerald Ford. Og sjølv blei han tildelt Nobels fredspris i 1973, ei av Nobelkomiteens mange kontroversielle utdelingar.
Men Kissinger er nok mest kjend som ein notorisk krigsforbrytar. Mellom 1969 og 1975 drap amerikanske bombefly 750000 sivile i Kambodsja under påskudd av å øydelegge nordvietnamesiske lagre i landet. I ettertid har det kome fram at desse lagra ikkje eksisterte. I tillegg kjem alle dei sivile som mista livet som resultat av amerikansk krigføring i Vietnam, både i nord og syd.