Hjem > Diplomati og hykleri, NATO, Russland, USA-imperialisme > Ein provokasjon mot norsk suverenitet

Ein provokasjon mot norsk suverenitet


Av Steinar Eraker, landsstyremedlem i Stopp NATO

I desse dagar blir 300 amerikanske soldatar utplasserte på Værnes i Trondheim. Desse skal vere der permanent og dermed har vi fått den første offisielle basen med utanlandske soldatar på norsk jord.

Dette er ikkje uproblematisk. Norsk politikk på dette feltet har lege fast sidan 1949. Då blei baseerklæringa gitt av regjeringa Gerhardsen. Den slo fast at det ikkje skulle være basar for framande land på norsk jord så lenge Norge ikkje var utsatt for trugsmål om angrep. Dette var eit naudsynt grep som styresmaktene måtte gjere for å kunne føre Norge inn som medlem i NATO. Rett nok har denne erklæringa blitt utfordra ei rekke gonger opp gjennom åra gjennom amerikanske lyttepostar og forhåndslagring av utstyr. Men først no er det snakk om permanent stasjonering av framande soldatar.

Saka om utpassering blei handsama i samband med forsvarsbudsjettet for 2017 og Stortingets forsvarskomite var ikkje informert på førehand.

Regjeringa har heile tida prøvd å ro seg unna diskusjon ved å vise til at desse soldatane skal inn på ei rotasjonsordning og at det kun er snakk om 300 soldatar. Men det er ikkje antalet som her er viktig. Det er først og fremst snakk om eit folkerettsleg prinsipp, og avgjerda bryt grunnleggjande med det som har vore norsk utanrikspolitikk sidan 1949. På den andre sida er det grunn til å hevde at denne utplasseringa er ein del av NATOs opprusting og spenningsoppbyggjing i Europa retta inn mot Russland.

Det burde heller ikkje vere overraskande at regjeringa tar dette skrittet. Vi ser av Forsvarets langtidsplan at Norge vil verte knytta tettare saman med NATO samstundes som kaldkrigsretorikken overfor Russland. Difor er det viktig at vi no går saman med alle som er opptatt av fred og norsk suverenitet og protesterer mot det som skjer.

Reklamer
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: