Hjem > Aksjoner, Militarisering, NATO, Russland > Stopp militærøvinga «Aurora»

Stopp militærøvinga «Aurora»


«Aurora» er ei stor militærøving som skal haldast i Sverige frå 11/9 – 29/9 i 2017. Dette er ei NATO-øving, men kan leggast på svensk territorium fordi Sverige inngjekk ei vertslandsavtale med NATO i 2016. Det betyr at alliansen kan bruke svensk område til militærøvingar og oppmarsjområde mot Russland i tilfelle krig. Det er ikkje mykje igjen av den nøytralitetspolitikken som svenske styresmakter smykkar seg med.
Sverige er som kjent ikkje medlem av NATO, men blir trekt tettare og tettare inn i NATOs aktivitetar. Det skjer utan politisk behandling. Og no skal Østersjøen gjerast til eit krigens hav i NATOs opprustning. Det er ikkje akkurat eit bidrag til å minske spenninga i Europa.
Bakteppet for øvinga i september er at USA ynskjer å trene på å flytte soldatar frå Trøndelag og fram til Østersjøkysten. Bruk av dei amerikanske førehandslagra i Noreg inngår og i programmet. Dette var ei viktig årsak til at det hasta med å få på plass ein permanent base for 330 soldatar frå US Marine Corps på Værnes.
Norge og Finland har og blitt bedt om å delta med soldatar.
«Aurora» er den største militærøvinga i Sverige på over 20 år. 20000 soldatar frå NATO skal delta og prislappen er på 583 millionar kroner.
Landsetting av soldatar i Gøteborg by er og ein del av øvinga.
Planane for den massive NATO-øvinga er ikkje politisk behandla i Sverige og det har vekt harme.
Då US Marines fekk permanent base på norsk jord var det som kjent ikkje behandla separat i Stortinget. Når NATO roper må tydelegvis demokratiet vike.
I 2017 er det hundre år sidan oktoberrevolusjonen i Russland. Det var panserkryssaren «Aurora» som fyrte dei første skudda mot vinterpalasset og gav startskuddet for revolusjonen. Med tung symbolikk held NATO øving under same namn og den er sjølvsagt retta mot Russland. Dei frekkes nådegave kjenner ingen grenser.
Fredsrørsla i Norden seier stopp Aurora 17! «Stopp NATO» vil delta i dette arbeidet.

Følg med på facebooksida Demonstration mot krigsövningen Aurora 17.

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: