Norge og Syria


Sidan i fjor har Norge vore engasjert i militær opplæring av syriske opprørarar. Dette har så langt vore ukjent for folk flest. No er dette oppdraget forlenga fram til 10. mars 2018. Så kan vi stille spørsmåla: Kor er debatten om norsk utanrikspolitikk? Kor er dei kritiske røystene mot nok eit militært eventyr utafor landets grenser?
Norge har ei stund bidratt med soldatar for opplæring av syriske opprørarar. Ingen ansvarlege politikarar har stilt spørsmålet ved det folkerettslege grunnlaget. Dei har heller ikkje stilt spørsmål ved vårt syn på den syriske regjering, kven vi skal trene opp og kven som skal kontrollere desse.
Alt dette krev svar. Idag finns det ingen FN resolusjon som opphevar den syriske regjeringa sin suverenitet over eige territorium og grenser. Og det er heller ingen som i dag kan svare på kven vi trener opp og kor det foregår. Som vi ser er spørsmåla mange, men svara er få.
No har oppdraget vart eit år og skal forlengast eller avsluttast. Heller ikkje no blir det gjort noko vedtak etter offentleg debatt. Med eit pennestrøk blir engasjementet forlenga fram til 10. mars 2018. Og fortsatt er regjeringa taus om oppdraget sin misjon og erfaringane så langt.
Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen seier at det er USA som rekrutterer opprørarar til opplæring og at Norge har «begrensa» innverknad på dette. (ABC nyheter 31/3 – 17).
Oberstløytnant Tormod Heier ved Forsvarets Høgskole seier til NTB: «Enhver militær deltakelse må ses i politisk sammenheng, og således ser dette oppdraget ut til å være lite gjennomtenkt og uklokt».
Reine ord for pengane. Og dersom vi legg til grunn erfaringane frå Afganistan og Libya så ender denne typen oppdrag med at vi må følge med inn i krigen. Det kan då i tilfelle ende med konfrontasjon med Assads styrkar og russiske soldatar. Og vil vi det?
Eit anna moment som spelar inn er at USA tidlegare har slitt med å rekruttere «moderate opprørarar». Desse har måtte underteikne eit løfte om at dei skal slåss mot IS. No er det ofte slik at lojaliteten avheng av krigslukka på bakken og ikkje ei underskrift gitt under trening.
Ofte har det hendt at opprørarane har gått over til IS og at dei har teke med seg våpen og utstyr. I tillegg er desse gruppene finansiert av Saudi-Arabia som er Vestens allierte og ein versting når det gjeld brot på menneskerettane.

INTERNASJONALE LOVER
Norge bryt internasjonale lover ved å engasjere seg mot ein suveren stat anerkjent av FN.
Og som i Afghanistan og Libya så skjer dette fordi USA og NATO krev det og nok ein gong på tvers av fagmilitære råd.
Målet for oppdraget i Syria er fastsett av USA, Tyrkia og Saudi-Arabia for mange år sidan.
Og NATO-medlemskapet vårt fører til at vi har ingen relevans som sjølvstendig nasjon. Nok ein gong ser det ut til at det viktigaste for oss er «å sikre et godt forhold til USA og bevare NATOs relevans».
Syria er eit sjølvstendig land som er medlem av FN. At landet i dag er lagt i ruinar fjernar ikkje desse fakta.
I følge FN-pakta er det berre Tryggingsrådet som kan gjere vedtak om å gå til militære tiltak mot eit av FN sine medlemsland. Noko slikt vedtak er ikkje gjort.
Syria har heller aldri bedt Norge om noko som helst form for militær bistand. Tvertimot så har dei levert ein protest mot det norske bidraget.
Vedtaket om norsk militær bistand i Syria manglar grunnlag i folkeretten. Regjeringa Stoltenberg var aktiv deltakar i krigen i Afghanistan og Libya og regjeringa Solberg er innstilt på å følge i same fotspor i Syria.

SYRIA ER EIN SUVEREN NASJON
Den 30 mars meldte NRK at Norge anerkjenner at Syria er ein suveren nasjon med Assad som president.
Skal ikkje dette bli berre ord på eit papir må det få konsekvensar for norsk politikk i området. Vi må mellom anna handsame Syria slik vi gjer med dei andre av FN sine medlemsland. Det vil seie ikkje krenke ein annan stats territorium.
Som ein liten nasjon burde det være i vår interesse å sikre alle statar mot overgrep.
Vår politikk i Syria må bort frå militær til sivilt engasjement som humanitært arbeid og mekling i den brutale krigen som har vart i seks år.
Og ikkje minst må vi være villige til å vise at vi har lært noko av NATOs blodige engasjement i Afghanistan og Libya.

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: