Hjem > Afghanistan, Diplomati og hykleri, Militarisering, USA-imperialisme > Nato med opptrapping i Afghanistan

Nato med opptrapping i Afghanistan


Nato vil sende fleire tusen nye soldatar til Afganistan. Dette seier generalsekretær Jens Stoltenberg til avisa «Framtid i Nord», 30 april. Grunngjevinga er den «utfordrende sikkerhetssituasjonen» i landet.

NATOs kampstyrke trakk seg offisielt ut av Afganistan i januar 2015. I ein overgangsperiode skulle så NATO trene og assistere afganske styrkar gjennom operasjon «Resolute support».
Offisielt skulle dette oppdraget vere kortvarig og målet var at afganske styresmakter skulle stå på eigne bein. NATO og USA sitt oppdrag blei omtalt som vellukka. Slik blei det framstilt av vestlege media.

KRIGEN FRAMSTILT SOM EIN SUKSESS.

Dei militære operasjonane hadde hatt som offisielt mål å fjerne Taliban frå makta og innsette ei folkevalgt regjering og å stabilisere landet etter vestleg mønster. Og ikkje minst var det viktig for kvinnene i Afganistan skal vi tru våre politikkarar
Exit planane blei presentert under sigersfanene og uttrekking av soldatar skulle vere fullført i løpet av 2014.
Men offisielle nyheiter er ofte «fake – news».
Avslutninga av kampoppdraget blei avløyst av 10000 soldatar som opptrer som rådgjevarar. I mai 2016 vedtok NATO å utsette nedtrappinga. USA skal ha 9000 soldatar i Afganistan ut 2017. Og når USA forlenger så gjer sjølvsagt Norge det same.
Altså var ikkje den politiske situsjonen i Afganistan stabilisert allikevel. Det var ikkje sant det politikkarane våre fortalde oss.
Krigen i Afganistan har vore ein fiasko og krigsmaktene prøver å skjule USA og NATO sitt nederlag bak ord om «planlagt manøver».

NY OPPTRAPPING.

Men NATO vil nå ha fleire soldatar til Afganistan. Det er retta ein direkte forespørsel til England og Danmark.
Det betyr at vi står overfor ei ny opptrapping av krigen. Vi har til det kjedsommelege fått høyre at operasjonane i Afganistan skulle skape fred. Idag ser vi at sivilbefolkninga har det verre ein nokon gong.
Einkvar grunngjeving som Nato, USA og Norge har komme med for å rettferdiggjere krigen har vore løgn og skinnargument.
Den eigentlege bakgrunnen har heile tida vore behov for strategisk kontroll over området. Krigførande makter spyr alltid ut ei sky av løgn for å skule rovgriske hensikter. Det ser vi også nå.

 

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: