Hjem > Aksjoner, Europa, Russland, Verden rundt > Åland 17 – verdas første fredsøving

Åland 17 – verdas første fredsøving


Motstanden mot den store NATO-øvinga i Sverige i september aukar i omfang. At landet har blitt gjort til treningsområde for USA og NATO har ført til mobilisering i fleire land.
Det nyaste og mest originale til no er at 30 aktivistar frå Russland og Sverige skal delta på ei fredsøving på den finske øya Åland.
Det melder den finske avisa «Hufvudstadsbladet».
Dette har vekt harme hos dei etablerte politikarane, deriblant Finlands tidlegare ambassadør i Moskva, Hannu Himanen.
Initiativtakar til fredsøvinga er den svenske aktivisten Pelle Sunvisson.

Dette er den første fredsøvinga i sitt slag og den har fått namnet Åland 17. Øvinga skal blande fiksjon og røyndom. Den skal simulere ei hending som utviklar seg frå fred til open krig. Og medan stoda eskalerer får deltakarane testa sine evner til å skape fred. Målet er å lære fredsrørsla sine evner til å skape og oppretthalde fred, deira sterke og svake sider.

Åland 17 skal vere ei motvekt til den store NATO-øvinga Aurora 17 som går samstundes i Sverige. At øvinga er lagt til Åland er ikkje tilfeldig. Øya ligg midt mellom Sverige og Russland. I tillegg til ei spanande historie er dette ei demilitarisert sone.

 

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: