Hjem > Atomvåpen, Militarisering, NATO, Russland, USA-imperialisme > Norske satellittar skal brukast i atomkrig

Norske satellittar skal brukast i atomkrig


Av Steinar Eraker, Stopp NATO

NRK Finnmark melder 7. august at USA har plukka ut to norske satellittar frå selskapet Space Norway til bruk for det amerikanske forsvaret. Dette gjer dei for å spreie risiko og dermed bli mindre sårbare for angrep. Sjå lenke her.
Space Norway er eigd av den norske stat og Stortinget har godkjent at amerikanske atomubåtar kan bruke dei norske satellittane under ein atomkrig.
Det er særs problematisk at ein no utrustar sivile satellittar med militært utstyr. Opphavleg var desse satellittane tenkt å styrke trygging og beredskapen på det sivile området i nordområda. No er dei plutseleg blitt mål for andre lands militære styrkar.

KONSEKVENSAR AV EIN ATOMKRIG.
Det er ei skam at Norge skal gjere seg til medløpar i ein atomkrig.
Det finnes i dag 15000 kjernevåpen i verda og av dei sit USA og Russland på 13800.  Alle desse kan fyrast av i løpet av minuttar og dei kan legge byar og land øyde på eit augneblink. Kjernevåpen gjer ikkje noko skilje mellom sivile og militære mål. Når dei eksploderer oppstår ei enorm trykkbølgje som drep alt liv innafor ein radius på fleire hundre kilometer. Radioaktiv stråling fører til skadar og død i generasjonar.

Det einaste fornuftige forsvaret mot kjernevåpen er at dei ikkje blir brukt. Og ikkje minst må vi ut av USA og NATO sin atomdoktrine for å unngå å bli krigsmål. Navigering er berre ein liten del av det NATO no er knytta opp til i Norge. I tillegg finst det andre anlegg som er viktige i ein atomkrig.  Her kan vi nemne navigasjonssystem, lytte- og peileanlegg.  Og ikkje minst våre militære flyplassar og det nye F-35 kampflysystemet.

Vi kan nærast slå fast at vi har skaffa oss ein solid garanti for å bli bombemål i ein militærkonflikt mellom NATO og Russland.
Dette siste trekket er ein del av NATO si opprusting i Norden. Saman med NATO-utvidinga austover, bygging av baser etc., aukar etter vår meining spenninga og faren for ein storkrig mellom Russland og NATO. Vi ser med kraftig uro på at vår forsvarspolitikk blir endra utan kritiske røyster. Denne halsbrytande og udemokratiske endringa knyter oss stadig tettare til USA og NATO sin forsvarsdoktrine. Det er ingen tent med.

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: