Hjem > Militarisering, NATO, Russland, USA-imperialisme > Historia om «den iskalde tid» med Russland – og om dette endar med konflikt?

Historia om «den iskalde tid» med Russland – og om dette endar med konflikt?


Denne artikkelen er skrive av aktivist og kunstnar Ivar Jørdre. Artikkelen sto på trykk i Avisa Hordaland 23. juni under tittelen «VM i fotball varmar mange sine hjarta – er varmen til vertslandet like eins?».

Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?

Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det i dette skrivet trekt  fram dei store militærøvingane på begge sider det året.  I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde 2014 haust i nordområda. Og året før det, og åra før det, osb., osb. Slik held Vesten og NATO på. Russland på si side gjennomfører sine øvingar dei også, dei har også sikkerheit i tankane må vite. T.d. hadde dei ei stor øving i mars 2015 der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok føre seg etterkvart heile Russland frå vest til aust.

Eg har før skreve om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland. Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar. Ukraina er eit siste døme på dette. Der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø (då meiner eg ikkje dei radikale og sosialistiske rørslene i Ukraina, dei fekk ingen hjelp frå Vesten), fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i jan-feb 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg.

No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss som i Ukraina i 2014.

Noregs medverknad til å eskalera ei konflikt

Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar.

Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukraina-konflikten, er også med i dette biletet. Også Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen.

For Noregs del tyder det at inntil vi melder oss ut av NATO, må Noreg arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATO sin atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at amerikanske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO har iverksett, m.a. i Ukraina.Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) fekk Nobels fredspris i 2017. I staden for meir krigshissing må den norske regjering skrive under på denne kampanjen. Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, NO!

Noreg er heilt knyta opp til USA. Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly som ei rekke våpenanalytikarar meiner er dårleg tilpassa forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeg i vår puddelsvinging i det siste. Den sokalla «rullerande» amerikanske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølge den blå-svarte regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no vert her permanent. Det liknar veldig på ein byrjande amerikansk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile. Det er omlag 350 amerikanske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. No føreslår regjeringa i tillegg utstasjonering av amerikanske soldatar i Troms. Tal? Omlag 350 det også. Om ikkje dette er å gå lenger vekk frå tidlegare basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!

Her er endå eit døme på kva Noreg gjer for å terge Kreml og tekkast vår addiksjon til Washington:  I månadsskiftet oktober-november 2018 arrangerer NATO ei stor militærøving i Midt-Noreg. Truleg med så mange som 35 000 soldatar, tusenvis av køyrety og 150 fly og 70 skip. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15-20 år. Ein mindre del av øvinga skal gå føre seg i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen. Noreg er altså vertsnasjon. Militariseringa av Skandinavia og Norden er i full gong og dermed spenningsdrivande!

Mens me naive nordbuarar ser og kosar oss med Fotball VM i Russland, tenkjer dei militære strategar sitt. På begge sider for berre å presisera det. Mens me burde prøve å forstå og å verte litt klokare på Russlands historie, kultur, mentalitet og korleis russarar oppfattar verda generelt og ser på vestleg aggresjon spesielt, ja, så vert det ofte ingenting ut av den øvinga. ME SØKK BERRE DJUPARE OG DJUPARE NED I FJERNSYNSTOLEN, MENS ME SER FOTBALL VM OG GLEFSER I OSS FEITE SAKER OG DRIKK OSS VEKK, OFTE.

Trump og NATO
Under NATO-toppmøtet i Brussel 11-12 juli tok USA sin president regien om lag frå staren av. Donald Trump opna NATO-møtet med å «kjefte ut» Tyskland og deira kjøp av gass frå Russland i samtale med NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg. Ein litt tafatt generalsekretær tok i mot Trump sitt frontalangrep på Tyskland. Trump trugar no også NATO-landa med tiltak (om kanskje å ta ut USAs forsvar eller avgrense deira samarbeid med dei NATO-allierte) om dei ikkje straks hevar målet om forsvarsfinansiering på 2 prosent av BNP og ikkje innan 2024 som NATO vedtok i 2014. Trump har under det same møtet «tvitra» at dei europeiske NATO-landa bør opp på 4 prosent på lengre sikt, «intet mindre»! Er alt dette berre tomme trugsmål og retorikk. Tida vil vise, men truleg ikkje heilt tomprat frå presidenten. NATO-alliansen har i alle fall fenge sprekker i sitt samhald. Splittingar er merkbare, med eller utan Trump. NATO-framtida er truleg i krise. Og som NTB skriv: «I den grad målet var at alliansen skulle framstå som samlet, ble NATO-toppmøtet et nederlag allerede før det begynte.»  Russland føljer nøye med på det som hender i NATO. Det forstår seg, for eit NATO eventuelt i krise kan endre den geopolitiske dynamikken, kanskje til Russland sin førdel?

Er det eit håp for at den «vesle istida» mellom Russland og Vesten tinar, om ikkje med det første? Ja, det er det, men då lyt minst halvparten, eg sa minst halvparten, av vestlege leiarar og folkevalte bytast ut, og det straks, med avspenningsvenlege politikarar som forstår seg betre på Russland. Og så lyt minst halvparten og meira til av folket kreve dette, velje nye og tenkje at det er mykje, mykje betre å snakke med vår store nabo i aust, vera i dialog og lage venskap, enn det er å terge, tie ihel og konfrontera naboen. Det er berre å håpe dette hender før noko alvorleg inntreff. For å vera oppmerksame på dette har me alle eit ansvar.

Reklamer
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: