Sei ja til fred
Av Steinar Eraker, Stopp NATO
NATO blei danna i Washington 4. april 1949 av 12 vestlege land og vil i år runde 70 år. Dette vil nok bli grundig feira av styresmaktene i medlemslanda.
Også fredsrørsla bør nytte høvet og markere denne dagen. Vi må sette søkelyset mot opprusting og alliansen sin aggressive karakter. Vi må bruke 4. april til å sei ja til fred og dialog mellom aust og vest.
Krig er den viktigaste årsaka til den globale flyktningstraumen og ein viktig faktor i den veksande klimakrisa.
Den er basis for militarisering av samfunnet og forvitring av dei sivile rettane, og ikkje minst ein katalysator for rasisme og intoleranse.
Verdssamfunnet bør starte arbeidet med nedlegging av NATO og andre militæralliansar. Det vil frigjere store ressursar som då kan nyttast til å fremme fred og tiltak for menneskelege og miljømessige behov.
I staden for å feire ein krigersk allianse kan vi bruke dagen på markere fred og menneskelege relasjonar.
President Donald Trump har ved fleire høve uttala at NATO er forelda og gått ut på dato. Han har òg ytra at USA bør melde seg ut av alliansen.
Likevel har det ikkje hindra han å peike på dei andre medlemslanda sine plikter og lagt press på dei for at dei skal kjøpe meir våpen.
La oss ikkje gå i den fella og tru at NATO er «anti Trump» og difor «god». Det ville vere direkte dumt og i strid med fakta om den amerikanske presidenten si framferd.
Vi må bygge ei sterk fredsrørsle der motstand mot NATO si militarisme er velkommen og naudsynt. Og så må vi peike på at alliansen har flytta opprusting og våpen heilt fram til Russland sine grenser.
Dei siste 20 åra har NATO ført krigar langt unna sine opphavlege kjerneområde og medlemslanda har brukt dei som reiskap for å kunne delta i dei amerikanske krigane under fjerne himmelstrøk.
NATO er og ein sikker garantist for at atomvåpen vil bestå. Dei har avvist FN–avtala om forbod mot kjernevåpen som blei forhandla fram sommaren 2017.
Difor er det all grunn til å hevde at NATO si opprusting og militarisme er eit trugsmål mot menneskeslekta og jorda sitt miljø. Og absolutt ikkje verdt noko storstilt feiring på 70-årsdagen 4. april!