Hjem > NATO, Norsk imperialisme, Atomvåpen > Gratulerer med fredsprisen!

Gratulerer med fredsprisen!


Fredag 6. oktober blei Nobels fredspris 2017 tildelt International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN).
ICAN blei etablert i 2007 med den hensikt å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Og eit langt skritt blei tatt då 122 statar underteikna ein avtale om forbod i FN den 7. juli i år.  Dersom 50 nasjonar ratifiserer denne avtalen blir den internasjonal rett.
Millionar av menneske og 500 grasrotorganisasjonar i over 100 land har dei siste ti åra jobba aktivt for at ICAN sitt mål skal lukkast og at alle verdas land skal underteikne ein avtale. For dette arbeidet er fredsprisen enormt viktig og ein inspirator til å jobbe vidare for ei verd utan atomvåpen.
«Stopp NATO» vil gratulere og samstundes yte vår del for at målet skal bli nådd. Akkurat nå er denne prisen viktig fordi faren for ein atomkrig er større enn nokon gong. Eit forbod kan stigmatisere atomvåpen og vere ei viktig motvekt til den opprustninga vi ser over heile verda.

Eit spark til NATO og Norge
FN forhandlingane blei ført i ein positiv og optimistisk tone og førte fram til ein avtale i juli i år.  NATO boikotta forhandlingane og Norge fekk i mars beskjed at dersom vi slutta oss til ville det vere i strid med NATO-medlemskapet.  Difor støttar heller ikkje Norge eit forbod.
Dette er ei skam og vi må nå jobbe aktivt for at Norge sluttar seg til og ratifiserer avtala. Fredsprisen sender eit kraftig signal til alle dei landa som stilte seg utafor.
Og det set eit kraftig søkelys på regjeringa Solberg som ikkje eingong ville vere med å forhandle fram ein tekst til forbod.
Men den er eit gjennombrot for kampen mot masseøydeleggingsvåpen på linje med forbod mot kjemiske våpen, landminer og klasevåpen.
Dette vil ta kampen mot atomvåpen opp på eit høgare nivå. Når vi tidlegare har snakka om dette så er søkelyset oftast retta mot «ulydige statar» eller terroristar.
Med denne fredsprisen kan vi for alvor peike på dei store atommaktene, på supermaktene sitt enorme arsenal. Blir dette nokon gong brukt er det nok kapasitet til å øydelegge verda fleire hundre gonger.
Vi må intensivere søkelyset på Norge si tvilsomme rolle og ikkje minst på NATO sin  militærmaskin, opprustning og krigsscenario.

 

 

Advertisements
  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: