Arkiv

Posts Tagged ‘Raudt’

Ope brev til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine stortingsgrupper

2. oktober 2017 Legg igjen en kommentar

Her følger eit ope brev som er sendt til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine respektive stortingsgrupper. Brevet er óg sendt til fleire aviser.
«Stopp NATO» ser på Sosialistisk Venstreparti og Raudt som antikrigsparti og vil herved gratulere med det flotte valresultatet. Som kjent lever vi i ei tid prega av krig, okkupasjon, terror og lovlause tilstandar pregar kvardagen til menneske over heile verda.
Typisk for dei fleste konfliktar er at NATO er ein flittig bidragsytar til opptrapping av konfliktnivået. Dei aggressive framstøyta til NATO kjem ofte i konflikt med interessene til Russland og Kina og kan føre til ny verdskrig og bruk av kjernefysiske våpen.
Også i Norden ser vi ei sterk opprustning og militarisering ved at NATO flytter sine aktivitetar austover og nordover. Seinast blei dette manifestert gjennom NATO-øvinga «Aurora 17» i Sverige og Austersjøen no i september 2017.
Neste år får vi ein repetisjon ved den gigantiske øvinga «Trident Juncture 18» som skal foregå i Norge, men i tillegg involvere Sverige, Finland og Island. Les mer…

Advertisements