Hjem > NATO, Norsk imperialisme, Russland, USA-imperialisme > Ope brev til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine stortingsgrupper

Ope brev til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine stortingsgrupper


Her følger eit ope brev som er sendt til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine respektive stortingsgrupper. Brevet er óg sendt til fleire aviser.
«Stopp NATO» ser på Sosialistisk Venstreparti og Raudt som antikrigsparti og vil herved gratulere med det flotte valresultatet. Som kjent lever vi i ei tid prega av krig, okkupasjon, terror og lovlause tilstandar pregar kvardagen til menneske over heile verda.
Typisk for dei fleste konfliktar er at NATO er ein flittig bidragsytar til opptrapping av konfliktnivået. Dei aggressive framstøyta til NATO kjem ofte i konflikt med interessene til Russland og Kina og kan føre til ny verdskrig og bruk av kjernefysiske våpen.
Også i Norden ser vi ei sterk opprustning og militarisering ved at NATO flytter sine aktivitetar austover og nordover. Seinast blei dette manifestert gjennom NATO-øvinga «Aurora 17» i Sverige og Austersjøen no i september 2017.
Neste år får vi ein repetisjon ved den gigantiske øvinga «Trident Juncture 18» som skal foregå i Norge, men i tillegg involvere Sverige, Finland og Island.

Stopp NATO meinar at det beste bidraget til fred er å arbeide mot norsk krigsdeltaking, mot norsk våpeneksport. Vidare at vi gjev støtte til land og folk som kjempar mot overgrep, mot at vestlege land forsyner seg av naturrikdomar og etablerer militærbasar i andre sine land.
I dag ser vi ei opprustning i Norden som gjev grunn til bekymring. NATO gjennomfører øvingar i dei alliansefrie landa. I mars 2017 gjennomførte vi øvinga «Joint Viking» i Finnmark. Under den kalde krigen sa Norge nei til NATO-øvingar i Finnmark for ikkje å provosere vår russiske nabo.
Norge er som medlem av NATO medskuldige i denne utviklinga. Vi har blitt ein meir aggressiv krigsaktør gjennom våre utanlandsoperasjonar, nå seinast i Syria.

«Stopp NATO» vonar at Raudt og Sosialistisk Venstreparti kan bli ein slagkraftig opposisjon mot den rådande tryggings- og utanrikspolitikken i Norge.

Vi vonar at de kan støtte og fremme konkrete krav:
1:  Ingen utanlandske basar på norsk jord.  Legg ned US Marines sin base på Værnes.
2:  Fullt innsyn i forholda rundt den nye Vardø-radaren.
3: Ingen norske soldatar skal delta på NATO-øvingar i dei alliansefrie landa.
4: Hent heim dei norske soldatane i Syria.

For «Stopp NATO»
Steinar Eraker, leiar

 

 

  1. Ingen kommentarer så langt.
  1. No trackbacks yet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: