Om motstanden mot NATO og militarisering i Norge
Søndag 17. september ble det holdt en paneldebatt i Göteborg i forbindelse med protestene mot Aurora-øvelsen i samme by. Deltakerne i debatten var Steinar Eraker Stopp NATO, Norge), Gerd Berlev (Tid til fred – aktiv mod krig, Danmark), Ruka Toivonen (AKL – Aseistakieltäytyjäliitto – Vapenvägrarförbundet, Finland) og Agneta Norberg (Det globale nätvärket mot vapen och kärnkraft i rymden, Sverige).
Vi gjengir her innlegget til Steinar Eraker:
Kjære fredsvenner.
Takk for invitasjonen til dette panelet og dette arrangementet.
Eg skal seie litt kort om Norge og historia om motstanden mot NATO og krig.
Norge har vore medlem av NATO sidan 1949 og bakgrunnen var at styresmaktene våre såg NATO som eit bolverk mot det kommunistiske Sovjetunionen.
Men etter 1990 har NATO endra karakter og fått nye oppgåver. Først og fremst som aktør i krig på fleire kontinent. Motstanden mot krig var stor i Norge i samband med krigen mot Irak i 2003. Folk frå dei aller fleste organisasjonar, solidaritets- og religiøse organisasjonar, gjekk saman med politiske parti på venstresida for å protestere.
Det førte til store demonstrasjonar i dei største byane i Norge og i Oslo gjekk 60000 på gata i protest mot krigen.
Det store partiet på norsk venstreside, Sosialistisk Venstreparti (SV), er bygd opp kring fredsspørsmål og NATO-motstand.
Men partiet gjekk inn i den såkalla rødgrønne regjeringa saman med Sosialdemokratiet i Ap i 2005 og blei dermed ein garantist for norsk deltaking i krigen i Afghanistan og NATOs åtak på Libya i 2011.
Dette har langt på vei lamma fredsrørsla i Norge.
Norge har stort sett i heile etterkrigstida blitt sett på som ein fredsnasjon. Grunnen er først og fremst at vi internasjonalt har spelt meglarrollen i ein del internasjonale konfliktar og ikkje minst har vi delt ut Nobels Fredspris. Men dette biletet begynte å falme allereie på tidleg 2000-tal. Vi kunne ikkje skjule at vi var engasjert deltakar i NATO sin krig på Balkan og seinare i Afghanistan, Libya og no sist i Syria.
Men alle desse oppdraga har ei ting felles, dei har alle vore fiaskoar. Alle dei fine orda som våre styresmakter har pakka krigsoppdraga inn i – fred, demokrati, fridom og kvinnefrigjering – har falle stein døde til jorda.
Som kjent er krig ein forsettelse av politikken med andre middel og Norge har utvikla seg til ei økonomisk og imperialistisk stormakt som resultat av at vi er ein oljenasjon med betydelege økonomiske interesser i utlandet gjennom vårt oljefond.
I tillegg til dette er Norge verdas største våpeneksportør pr. innbyggar, og dermed tener vi pengar på USA sine krigseventyr. Mykje av eksporten går via selskap i andre NATO-land til diktaturar i Midtausten.
Då Norge gjekk inn i NATO i 1949 fekk vi den såkalla baseerklæringa. Den var med å gi Norge ein viss legitimitet som fredsnasjon og i erklæringa heiter det: «ingen baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trussel om angrep».
Men i 2016 fekk US Marines opprette ein base med 300 soldater på Værnes ved Trondheim. Desse skal vere permanent stasjonert og dermed har våre krigsgale politikarar skrota den gamle baseerklæringa.
I det same området er det forhåndslagra store mengder amerikansk militærmateriell. Dette blir nå frakta til Sverige og sett inn i øvelse Aurora.
Alt dette har det vore protestar mot, men ikkje sterke nok til å stoppe det. Og det offisielle Norge ved dei store partia har sagt at lagring av utstyr og base er smart og dermed har dei lagt lokk på all diskusjon.
NATO har førstebruk av atomvåpen som strategi og dermed er Norge bundne til masta. Vi har ikkje vore villig til å støtte FN sitt arbeid for forbod mot atomvåpen gjennom det vedtaket som blei gjort i FN i juli i år. NATO-medlemskapet hindra oss i det.
Til slutt litt om framtida.
Neste år skal Norge vere vertsland for ein stor NATO-øvelse. Den har fått namnet Trident Juncture 2018.
Den vil omfatte 35000 soldatar, 135 fly, 70 skip og blir den største øvelsen i Norge. I tillegg skal den omfatte Sverige, Finland og Island og desse lands territorium vil bli brukt. Norden blir angrepe av ein fiktiv motstandar som «tilfeldigvis» har same plassering som Russland.
Det er viktig å få til store protestar mot dette og førebuingane må starte straks Aurora er slutt.
Stopp NATO jobbar for å få fram informasjon om at Norge blir meir og meir ein aggressiv militær aktør og peike på media si rolle, som er desinformasjon og fortielsar. Kunnskap er det viktigaste verkemiddelet til å mobilisere krigsmotstand på tvers av organisasjonar og politiske parti. Vi vil jobbe aktivt for å samarbeide med andre, også våre nordiske venner, for å få til eit slagkraftig nei til militarisering i Norden.