Vil aldrimer.no skremme folk til å støtte opprusting?
Av Steinar Eraker, leiar av Stopp NATO
Nettstaden aldrimer.no slår på stortromma 18. oktober. Med tittelen «Russland trente på invasjon av Svalbard» bringer det oss tilbake til eit scenario frå den kalde krigens dagar.
Og for verkeleg å understreke alvoret så har nettstaden og redaktør Kjetil Stormark også lagt ut ein engelsk versjon av artikkelen. Sjølv om nettstaden leverer stoff til utanlandske media så er det ikkje vanleg at dei legg ut sine artiklar på engelsk. Då må denne saka vere så spesiell at alvoret må understrekast.
ZAPAD 2017
Bakgrunnen er den store russiske militærøvinga Zapad 2017. Den er for dei aller fleste kjent stoff og fann stad 14. – 20. september. Dette var ei fellesøving mellom Russland og Kviterussland, der 12700 soldatar deltok i følgje det russiske forsvarsdepartementet. Til opplysning er dette 300 soldatar mindre enn den grensa som OSSE har sett for å sende internasjonale observatørar, men langt unna dei 100000 som NATO hevda var med i øvinga. Likevel er det grunn til å ta begge desse tala med ein viss skepsis.
Det var altså under denne øvinga at Russland skal ha øvd på ein invasjon av Svalbard. Men artikkelen er ein einaste lang rekke med påstandar som manglar dokumentasjon, ført i pennen av Kjetil Stormark. I ei så alvorleg sak skulle vi forvente meir, men han nøyer seg med å vise til anonyme kjelder i Forsvaret. Nettstaden oppnår likevel at store nyhendemedia grip saka og presenterer den utan å stille dei rette kritiske spørsmåla. Og dermed har frøet som Kjetil Stormark har sådd begynt å spire.
Seinare går Regjeringa og Forsvaret ut og dementerer det som aldrimer.no skriv, men då har påstanden allereie sirkulert i media i fleire timar. Kanskje det var meininga? Og dei fleste har gløymt at denne nettstaden ikkje er på toppen når det gjeld truverde. I mars slo dei stort opp ei sak om ein ubåtobservasjon i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. Dette viste seg i ettertid vere ein skarv på symjetur.
BRA FOR NATO
Men for aldrimer.no er det tydelegvis viktig å oppretthalde haldninga om at vi står overfor eit vedvarande trugsmål frå Russland. Her er dei heilt på linje med NATO og amerikansk etterretning.
Sjølvsagt skal vi ikkje kimse av åtvaringane, men det er all grunn til å merke seg tidspunktet desse kom på.
For NATO passar det høveleg inn i mediebildet som har vore prega av ein del negative oppslag den siste tida. Pressa har skrive om planane for militærbasen for US Marines på Setermoen. Og ikkje minst at Sverige har teke eit langt skritt vekk frå å vere eit alliansefritt land ved å arrangere NATO-øvinga Aurora 17.
NATO si opprusting i Norden er avhengig av at dei kan halde oppe trykket rundt påstanden om «det russiske trugsmål».
Alt som bidrar i den retning vil bli brukt så lenge media bidrar ved å bringe saker ut, utan å stille eit einaste kritisk spørsmål.
Kven var det som snakka om at «fake news» var eit problem?