Arkiv
Det er ingen grunn til å feire at NATO har overlevd i 70 år. Nei til krig – nei til NATO!
Den 4. april i år er det 70-årsdagen for opprettelsen av NATO. Det skjer i en tid med økt militær opprustning og spenning. Atomvåpenavtaler sies opp og det er grunn til å frykte at en ny kald krig blir varm. Folkerett og internasjonale avtaler mister sin betydning som styringsinstrumenter for samhandling. Les mer…
Ta attende 8. mai – Norske styresmakter sitt misbruk av frigjeringsdagen
Et innlegg om 8. mai av Ivar Jørdre:
8. mai er ein viktig dag for mange i Noreg. Framleis er det mange som har opplevd frigjeringsdagen sitt jubelbrus og som vil feire han for det han er. Nemleg, den endelege slutten på ein tragisk og utmattande 5 år lang krig. Endeleg var Noreg, og Europa elles, fri frå nazistisk okkupasjon. Kva som hende etterpå med opprustning, kald krig, NATO og Warsawa-pakta, USA-kapitalisme og alt det der, er ei anna sak. Det skal ikkje øydelegge det faktum at 8. mai var fridomen sin dag, med opptimisme og håp om ei anna tid, fri frå krig, undertrykking og svolt. Som me veit er dei 70 år etter krigen sin slutt full av menneskelege tragediar; folkemord, krigar, invasjonar, imperialisme og svolt. Berre det at mesteparten av dette hendte ikkje i Europa, men mest i den sørlege delen av verda. OG, må det presiserast: Mykje av det er forårsaka av vår del av verda, EUropa, med veldig god hjelp av den “store” alierte!
Difor er det ekstra ille at denne dagen 8. mai, så viktig for så mange, i seinare tid vert brukt av m.a. norske styresmakter til også å markera hyllest til “veteranar” som har tenestegjort i våre “moderne” krigar, som den i Afghanistan. Noko som er fullstendig misbruk av 8. mai. Denne samanrotinga av innhaldet er nok ikkje tilfeldig. Ved å bruke 8. mai til å legitimera norsk deltaking i svært tvilsome krigar sett reint folkerettsleg og konvensjonar for når ein skal gå til krig, gjev ein signalet om at “me i Vesten” har juridisk og moralsk rett til å gripe inn kor det måtte trengast. Utan skjemsel har då styresmakter og den politiske og militære eliten fortalt sitt folk at “me” heidrar dei som har gått i “vår” teneste som soldatar og utført det riktige oppdraget. Dei prøver å manipulera oss med det rette! Om ein ser meir nøye etter, så ser ein eit prosjekt som har moderne imperialisme opp etter halsen. Frå Jugoslavia-krigen på 1990-talet til Afghanistan, Irak, Libya, Syria og no Jemen, ser ein mønsteret, om ein ser godt etter som sagt. DET er vestleg interesser som står på spel. Og er det noko som ikkje stemmer i det spelet, den globale kapitalsimen sitt spel, ja, så må “me” ordne opp. Antan det er å disiplinera dei jugoslaviske “delene” inn i den kapitalistiske folden, då spesielt Serbia, geopolitiske og resursaktige grunnar for Afghanistan og Irak, eller øydelegge statar som Libya, Syria og Jemen. “Me” vert kvitt nokon “me” ikkje likar og kan deretter kalle dei for “failed states”. Dette er “me” alså med på å rote saman i 8. mai!
Nytt av året er att “me” som land offisielt ikkje skal vera representert i Moskva under russarane si markering av frigjeringa 9. mai. Sjølvsagt er den nye kalde krigen som kan vera i emning og konflikta i Ukraina og Krim-problemet noko som må sausast inn i markeringa av slutten på 2. verdskrig. Dette er nok eit døme på Vesten og Noreg sitt hovmod og grenselause arroganse. Skal “me” då plutseleg ikkje anarkjenne den sovjetiske hær si frigjering av Nord-Noreg, og det på sjølvaste 70-årsmarkeringa? Kor nærsynt går det an å verte? OG, kunnskapen om at Den raude arme til sjuande og sist var den avgjerande faktor for avslutninga av 2. verdskrig, både i Europa og i Noreg, skal det også leggast på “is”, den nye kalde krigen sin is? Det er noko traurikt og “typisk norsk å vera arrogant” ved dei norske styreskmakter si haldning. Kva for naboskap er det når ein ikkje skil skiten frå kanelen? Blandar saman 2. verdskrigen sin slutt med dagens konflikt i Ukraina.
Med andre ord: TA ATTENDE DET VERKELEGE INNHALDET OG DEN VERKELEGE DAGEN, 8. MAI! Ikkje la borgarlege krefter i vårt land få definera ein dag som tyder så mykje for mange med det viktige bodskap om frigjering. Noko mange folk i sør skulle kunne gjere også – frigjering frå imperialismen sitt domene!
Sovjets seier over Nazi-Tyskland skal forties
Ingen fra den norske regjeringen vil være til stede når 70-årsjubileet for seieren over Nazi-Tyskland blir markert i Moskva 9. mai i år. Flere vestlige ledere vil boikotte markeringen siden de solidariserer seg med Ukraina i konflikten med Russland.
– Vi har store problemer med å være til stede på Den røde plass under en stor militærparade, samtidig som Russland i strid med folkeretten har annektert Krim, og aktivt destabiliserer situasjonen i Øst-Ukraina, sier utenriksminister Børge Brende til NTB.
Dermed er det bindingene til NATO og dennes kampanje mot Russland som gjør at Norge ikke vil verdsette Russland enorme innsats for å knuse nazismen for 70 år siden.
– Å være til stede på regjeringsnivå ville sendt feil signal. Man ville risikert å være tilskuer til at militært personell som har deltatt i de folkerettsstridige operasjonene, blir «feiret» på Den røde plass, uttaler Brende. Men å bruke frigjøringsjubileet til å feire norske soldater som i strid med folkeretten har ramponert Afghanistan og Libya, har han tydeligvis ingen problemer med…
Les mer her:
http://goo.gl/fWdkws