Arkiv

Posts Tagged ‘Zapad 2017’

Militærøvingar lagar ikkje fred

19. september 2018 Legg igjen en kommentar

Av Ivar Jørdre, Aksjonskomitéen mot Trident Juncture i Bergen

NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Out of area-strategien (nyare NATO-doktrine om å operera utanfor medlemsstatane sitt geografiske område) kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av t.d. Noreg å gjere. Men det er denne typen virksomheit som no er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-NATO» si rolle. Les mer…

Vil aldrimer.no skremme folk til å støtte opprusting?

20. oktober 2017 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, leiar av Stopp NATO
Nettstaden aldrimer.no slår på stortromma 18. oktober. Med tittelen «Russland trente på invasjon av Svalbard» bringer det oss tilbake til eit scenario frå den kalde krigens dagar.
Og for verkeleg å understreke alvoret så har nettstaden og redaktør Kjetil Stormark også lagt ut ein engelsk versjon av artikkelen.  Sjølv om nettstaden leverer stoff til utanlandske media så er det ikkje vanleg at dei legg ut sine artiklar på engelsk. Då må denne saka vere så spesiell at alvoret må understrekast. Les mer…