Krigen i Jemen – Norge er medskuldig i tragedien

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Jemen er eit land på den arabiske halvøy med eit folketal på 27 millionar menneske. Krigen starta i 2015 og var først og fremst ei konflikt mellom styresmaktene  og opprørsstyrkar frå Houthi-rørsla i nord. Styresmaktene får støtte frå ein koalisjonsstyrke som er leia av Saudi-Arabia og der fleire land i Midtausten og Nord-Afrika deltar.

Denne krigen er ei frykteleg tragedie som diverre er totalt gløymt i våre massemedia.  Likevel ber Vesten eit tungt ansvar for det som skjer ved sin støtte til den saudiskleia koalisjonen si brutale krigføring. Les mer…

Åpent møte om militær spenning i Nordområdene og NATO

Stopp NATO inviterer til åpent møte i Litteraturhuset Oslo, Amalie Skram-salen, torsdag 4. april kl 19:00.

Del 1:
«Atomopprustning i Nordområdene og Norge» ved journalist Bård Wormdal
Bård Wormdal er journalist i NRK, og har bodd mesteparten av sitt voksne liv i Vadsø. Han har i lang tid undersøkt og reist spørsmål om hva de hemmelige tjenestene i Øst-Finnmark egentlig sysler med. Han har også stilt spørsmål om internasjonal krigsbruk av verdensrommet, og hvordan Norge er involvert. Bård Wormdal har utgitt to bøker: «Satellittkrigen» og «Spionbasen». Les mer…

Ny løpeseddel

Det er laget en ny løpeseddel i anledning NATOs 70-årsjubileum 4. april. Den vil bli delt ut rundt omkring i landet i tiden fremover.

Last ned løpeseddelen som PDF ved å klikke her.

Norge som lite land må forsvare andre lands selvstendighet mot innblanding utenfra

5. februar 2019 Legg igjen en kommentar

Stopp NATO reagerer sterkt mot USAs og vestens forsøk på å konstruere et kupp i Venezuela og å starte en ny ødeleggende krig der. Vi krever at den norske regjeringen ikke anerkjenner den selvoppnevnte og USA-støttede «presidenten». Folk i Venezuela må selv få bestemme sin egen framtid! Les mer…

Sei ja til fred

30. januar 2019 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

NATO blei danna i Washington 4. april 1949 av 12 vestlege land og vil i år runde 70 år.  Dette vil nok bli grundig feira av styresmaktene i medlemslanda.

Også fredsrørsla bør nytte høvet og markere denne dagen. Vi må sette søkelyset mot opprusting og alliansen sin aggressive karakter. Vi må bruke 4. april til å sei  ja til fred og dialog mellom aust og vest.
Krig er den viktigaste årsaka til den globale flyktningstraumen og ein viktig faktor i den veksande klimakrisa.
Den er basis for militarisering av samfunnet og forvitring av dei sivile rettane, og ikkje minst ein katalysator for rasisme og intoleranse.
Verdssamfunnet bør starte arbeidet med nedlegging av NATO og andre militæralliansar.  Det vil frigjere store ressursar som då kan nyttast til å fremme fred og tiltak for menneskelege og miljømessige behov.
I staden for å feire ein krigersk allianse kan vi bruke dagen på markere fred og menneskelege relasjonar. Les mer…

Er Forsvaret eit trugsmål mot det sivile samfunn?

12. desember 2018 Legg igjen en kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Natt til fredag 8. november dundra fregatten Helge Ingstad inn i oljetankaren Sola TS utafor Sture-terminalen i Hordaland. Denne ulukka burde vise for all verda at Forsvaret er eit alvorleg trugsmål mot det sivile samfunn og miljøet rundt oss.

I mørket i Hjeltefjorden var vi ei hårsbreidd frå ei katastrofe med tap av mange menneskeliv.

Og hadde det blitt slått hol på skroget i oljetankaren kunne vi fått ei miljøkatastrofe vi ikkje hadde sett konsekvensen av. Sola TS var lasta med mange hundretusen tonn råolje og var på veg til England.

Det sivile samfunn har krav på svar på dei mange spørsmåla som har meldt seg hos folk flest etter denne ulukka. Men Forsvaret har etter beste evne lagt lokk på saka. Og verst av alt er at dei skjuler seg bak «omsynet til dei som er involvert».  Vi vil sjølvsagt be dei om å slutte å skjule seg for å sleppe å ta det ansvaret dei faktisk har. Kva med omsynet til alle dei som var ei hårsbreidd frå å bli ramma av ei stor katastrofe? Les mer…

Har Harry S. Truman atomvåpen ombord?

25. oktober 2018 1 kommentar

Av Steinar Eraker, Stopp NATO

Det amerikanske atomdrivne hangarskipet Harry S. Truman deltek i den store NATO-øvinga Trident Juncture (TRJ18).
Skipet har 90 fly og 6000 soldatar ombord og dermed er det totale tal på soldatar som deltek i krigsøvinga oppe i 51000.

Hangarskipet vil operere langs heile kysten heilt opp til Tromsø.
Skipet har to atomreaktorar ombord og er av ein storleik som ikkje er vanleg kost i norske farvatn.
Dei er sjølvsagt her for å gje ekstra musklar til den frå før gigantiske militærøvinga Trident Juncture, ei øving som er ein del av NATO si opprusting i  nordområda.
Mottoet som Harry S. Truman nyttar er det tidstypiske «Give `em hell». Les mer…

Demonstrasjon mot Trident Juncture i Bergen 27. oktober – pressemelding

25. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Laurdag 27. oktober klokka 15:00 demonstrerer aktivistar frå fleire fredsorganisasjonar mot Trident Juncture og militariseringa av Norden. Demonstrasjonen tar sted på Øvre Vågsallmenningen, og vil omfatte både appellar og kulturelle innslag. Etter markeringa blir det tog rundt Lille Lungegårdsvannet.

I ei utsegn signert av 34 nordiske fredsorganisasjonar står det:
«Hele Norden blir nå rusta opp under Natos ledelse og faren for krig øker. På Natos forsvarsministermøte i november 2017, ble det tatt beslutninger som er en alvorlig trussel mot freden.
[…]
Nordiske fredsforkjempere må stå sammen mot Natos krigsforberedelser. Vi må sammen protestere mot krigsøvelser og opprustning. Det er en opprustning betalt av folks velferd, og som truer befolkningen med atomkrigvanvidd.»

Aksjonskomiteen mot Trident Juncture i Bergen stiller seg bak den nordiske fellesutsegna, og oppfordrar alle fredselskande krefter til å slutte seg til demonstrasjonen. Stopp militariseringa av Norden, stopp Trident Juncture!
Signert:
Aksjonskomiteen mot Trident Juncture.

Aksjonskomiteen består av representantar frå Stopp NATO, Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, Raudt, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom.

Løpeseddel for demonstrasjonen i Oslo

8. oktober 2018 1 kommentar

Løpeseddelen for demonstrasjonen i Oslo 27. oktober kan lastes ned her.

Plakat for demonstrasjonen i Bergen

6. oktober 2018 Legg igjen en kommentar

Plakaten for demonstrasjonen mot Trident Juncture i Bergen 27. oktober kan lastes ned her.