Arkiv
Norske satellittar skal brukast i atomkrig
Av Steinar Eraker, Stopp NATO
NRK Finnmark melder 7. august at USA har plukka ut to norske satellittar frå selskapet Space Norway til bruk for det amerikanske forsvaret. Dette gjer dei for å spreie risiko og dermed bli mindre sårbare for angrep. Sjå lenke her.
Space Norway er eigd av den norske stat og Stortinget har godkjent at amerikanske atomubåtar kan bruke dei norske satellittane under ein atomkrig. Les mer…
Stopp NATO har holdt sitt 2. ordinære landsmøte
Stopp NATO hadde sitt andre 2. landsmøte i Bergen 21. april og valgte følgende styre:
Steinar Eraker, leder
Kristine Mollø Christensen
Henrik Hjelle
Ståle Olsen
Vegard Holtås
Geir Hem
Landsmøtet vedtok følgende resolusjon: Les mer…
Vil aldrimer.no skremme folk til å støtte opprusting?
Av Steinar Eraker, leiar av Stopp NATO
Nettstaden aldrimer.no slår på stortromma 18. oktober. Med tittelen «Russland trente på invasjon av Svalbard» bringer det oss tilbake til eit scenario frå den kalde krigens dagar.
Og for verkeleg å understreke alvoret så har nettstaden og redaktør Kjetil Stormark også lagt ut ein engelsk versjon av artikkelen. Sjølv om nettstaden leverer stoff til utanlandske media så er det ikkje vanleg at dei legg ut sine artiklar på engelsk. Då må denne saka vere så spesiell at alvoret må understrekast. Les mer…
Ope brev til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine stortingsgrupper
Her følger eit ope brev som er sendt til Sosialistisk Venstreparti og Raudt sine respektive stortingsgrupper. Brevet er óg sendt til fleire aviser.
«Stopp NATO» ser på Sosialistisk Venstreparti og Raudt som antikrigsparti og vil herved gratulere med det flotte valresultatet. Som kjent lever vi i ei tid prega av krig, okkupasjon, terror og lovlause tilstandar pregar kvardagen til menneske over heile verda.
Typisk for dei fleste konfliktar er at NATO er ein flittig bidragsytar til opptrapping av konfliktnivået. Dei aggressive framstøyta til NATO kjem ofte i konflikt med interessene til Russland og Kina og kan føre til ny verdskrig og bruk av kjernefysiske våpen.
Også i Norden ser vi ei sterk opprustning og militarisering ved at NATO flytter sine aktivitetar austover og nordover. Seinast blei dette manifestert gjennom NATO-øvinga «Aurora 17» i Sverige og Austersjøen no i september 2017.
Neste år får vi ein repetisjon ved den gigantiske øvinga «Trident Juncture 18» som skal foregå i Norge, men i tillegg involvere Sverige, Finland og Island. Les mer…
Om motstanden mot NATO og militarisering i Norge
Søndag 17. september ble det holdt en paneldebatt i Göteborg i forbindelse med protestene mot Aurora-øvelsen i samme by. Deltakerne i debatten var Steinar Eraker Stopp NATO, Norge), Gerd Berlev (Tid til fred – aktiv mod krig, Danmark), Ruka Toivonen (AKL – Aseistakieltäytyjäliitto – Vapenvägrarförbundet, Finland) og Agneta Norberg (Det globale nätvärket mot vapen och kärnkraft i rymden, Sverige).
Vi gjengir her innlegget til Steinar Eraker:
Kjære fredsvenner.
Takk for invitasjonen til dette panelet og dette arrangementet.
Eg skal seie litt kort om Norge og historia om motstanden mot NATO og krig.
Norge har vore medlem av NATO sidan 1949 og bakgrunnen var at styresmaktene våre såg NATO som eit bolverk mot det kommunistiske Sovjetunionen.
Men etter 1990 har NATO endra karakter og fått nye oppgåver. Først og fremst som aktør i krig på fleire kontinent. Motstanden mot krig var stor i Norge i samband med krigen mot Irak i 2003. Folk frå dei aller fleste organisasjonar, solidaritets- og religiøse organisasjonar, gjekk saman med politiske parti på venstresida for å protestere.
Det førte til store demonstrasjonar i dei største byane i Norge og i Oslo gjekk 60000 på gata i protest mot krigen.
Det store partiet på norsk venstreside, Sosialistisk Venstreparti (SV), er bygd opp kring fredsspørsmål og NATO-motstand.
Men partiet gjekk inn i den såkalla rødgrønne regjeringa saman med Sosialdemokratiet i Ap i 2005 og blei dermed ein garantist for norsk deltaking i krigen i Afghanistan og NATOs åtak på Libya i 2011.
Dette har langt på vei lamma fredsrørsla i Norge. Les mer…
Når NATO nærmar seg grensene og Russland svarar – kva då?
Originalartikkel: Når NATO nærmar seg grensene og Russland svarar – kva då?
Hva skjer i Göteborg i helgen?
Denne Powerpoint-presentasjonen gir praktisk informasjon om Göteborg-arrangementet og hvordan man kommer seg dit fra Oslo. Den ble benyttet under mobiliseringsmøtet i Oslo onsdag 13. september.
Bli med til Göteborg og demonstrer mot Aurora
«Aurora» er den største militærøvinga i Sverige på 20 år. 20000 soldatar frå ti land skal delta og prislappen er på 583 millionar kroner.
Øvinga går i september i år og landsetting av soldatar i Göteborg by er ein del av opplegget. At ei NATO-øving kan leggast på svensk territorium er gjort mogeleg gjennom vertslandsavtala som Sverige inngjekk med NATO i 2016. Les mer…
Bli med til Göteborg 16. september!
Stopp NATO mobiliserer til den store demonstrasjonen 16. september mot krigsøvelsen Aurora. Norge er blant landene som skal delta i øvelsen, som har en klar brodd mot Russland og vil bidra til å øke spenningen i området.
Åland 17 – verdas første fredsøving
Motstanden mot den store NATO-øvinga i Sverige i september aukar i omfang. At landet har blitt gjort til treningsområde for USA og NATO har ført til mobilisering i fleire land.
Det nyaste og mest originale til no er at 30 aktivistar frå Russland og Sverige skal delta på ei fredsøving på den finske øya Åland.
Det melder den finske avisa «Hufvudstadsbladet».
Dette har vekt harme hos dei etablerte politikarane, deriblant Finlands tidlegare ambassadør i Moskva, Hannu Himanen.
Initiativtakar til fredsøvinga er den svenske aktivisten Pelle Sunvisson. Les mer…
Antiwar.com
Kampanje mot dronekrig